Peder Chr. Andersen

Peder Christian Andersen (5. april 189212. mars 1964)[1] var ein norsk fotballdommar, journalist, redaktør og radiokommentator.

Peder Chr. Andersen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 5. april 1892
Død

12. mars 1964 (71 år)

Yrke fotballspelar, journalist, redaktør, fotballdomar
Prisar Kongens fortenestmedalje, ridder av Dannebrogordenen
Peder Chr. Andersen på Commons

Andersen rapporterte for bladet Sport frå Sommar-OL 1912. Seinare gjekk han til Social-Demokraten og endeleg til Aftenposten i 1919. Der vart han underredaktør i 1925, redaktør i 1945 og vart verande til 1963. I tillegg dreiv han saman med Einar Staff og Trygve Gulbranssen bladet Idrettsliv 1915–28.

Då han overtok etter Einar Diesen under Sommar-OL 1924 vart han den første fotballkommentatoren i radio. Andersen var kjent for sin spesielle stil og vil hugsast mest for den direkte radiooverføringa frå Sommar-OL 1936 i Berlin i 1936 der han refererte frå Bronselaget sin siger over det tyske OL-laget.[2] Han kommenterte også VM i fotball 1938.[3]

I 1912 var Andersen med på å stifta Sagene-laget SFK Njord, som etter fleire sammenslutninger vart til IK Skeid i 1925. I tillegg var han domar under Sommar-OL 1924 og innviinga av Ullevaal Stadion i 1926.[4]

Andersen sat lengje i styre og stell for Noregs Fotballforbund, blant anna som sekretær. Han hadde ofte blanda roller i virket sitt.[5]

Prisar og utmerkingar endre

Bibliografi endre

  • Fotball (1924)
  • Norges flagg på seiersmasten (1941). (Med Harry Haraldsen).
  • De olympiske lekene gjennom 50 år (1945) digitalisertNasjonalbiblioteket.
  • Norges flagg på seiersmasten :Fra Gratishaugen til olje-isen i Davos (2. utgåve, 1947) digitalisert på Nasjonalbiblioteket. Med Harry Haraldsen. Gyldendal Norsk Forlag.
  • Sport i navn og tall (1950) digitalisert på Nasjonalbiblioteket.
  • De olympiske vinterlekene (1952)
  • Den nye olympiaboken (1957)
  • Sport i navn og tall (2. utgåve, 1958) digitalisert på Nasjonalbiblioteket.
  • Olympiaboken. Squaw Valley, Roma (1961)
  • 1963 – Isens helter. Med skøyteløperne verden rundt ( Gyldendal norsk forlag) I fulltekst ved nb.no  [Med Harry Haraldsen og Stein Johnson] Dette er 4. utgåve av Norges flagg på seiersmasten.

Kjelder endre

Litteratur endre

Fotnotar endre

  1. Per Jorsett, P. Chr. Andersen i Store norske leksikon
  2. Fuglum, 2003, sidene 26–29 «Aaaahh, vi leder..!!»
  3. Jorsett, Per (28. september 2014). «P Chr Andersen». Norsk biografisk leksikon (på norsk). 
  4. Andersen er avbilda Arkivert 2013-09-23 ved Wayback Machine. i 1926 med dåverande kronprins Olav i midten.
  5. Knut Helland, Sport/mediekomplekset i et historisk perspektiv