Hans Meisingset
Hans Larsson Meisingset (11. desember 1854–8. juli 1917) var ein norsk gardbrukar, lensmann, fyrvaktar og stortingsmann frå Tingvoll. Han var medlem av Venstre.
Hans Meisingset | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 11. desember 1854 |
Død | |
Yrke | politikar |
Språk | norsk |
Foreldra var plassefolk i Tingvoll. Sjølv tok han eksamen ved underoffisersskulen i Trondheim i 1879. Åra 1880-94 var han gardbrukar på Meisingset i Tingvoll, deretter lensmann 1894-1909 i Sunndal og Øksendal, busett på Sunndalsøra. Sidan 1909 var han fyrvaktar på Børøholm fyr i Fillan.
Meisingset var ordførar i Tingvoll 1886-94 og elles forlikskommissær og valmann. I si tid i Sunndal var han medlem av heradsstyret, medan han etter han kom til Fillan var «direktør» i Ind-Hitterens sparebank.
Meisingset representerte Romsdals amt på Stortinget 1895-1903 og Søre Nordmøre krins 1906-09. Han var medlem 1895-97 og sekretær 1898-1903 i militærkomiteen, samt sekretær i Odelstinget 1898 og i Stortinget 1898-1903. 1900-03 var han og medlem av valkomiteen og i 1902 av den utvida justiskomiteen. 1906-09 var han på ny sekretær i Stortinget og medlem av næringskomite nr 1. Inn i mellom var han medlem av departementskomitear vedkomande organiseringa av marinen, om skyttarsaka og «utskrivingsvæsenet».
Han døydde på Børøholm fyr.[1]
Kjelde
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914