Peder Olsson Brandvold
Peder Olsson Brandvold (18. desember 1828–29. januar 1892) var ein norsk gardbrukar, ordførar og stortingsmann frå Nord-Fron i Oppland.
Peder Olsson Brandvold | |||
Fødd | 18. desember 1828 Nord-Fron kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 29. januar 1892 (63 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Yrke | politikar, bonde | ||
Alle verv |
|
Brandvold var son av ein gardbrukar i Nord-Fron. Sjølv gifta han seg til garden Toksen og busette seg der. I 1863 overtok han også farsgarden. Han var medlem av heradsstyret 1860-69, i fleire år var han ordførar. Medlem av forlikskommisjonen 1871-91 og sparebankdirektør.
Brandvold representerte Kristians amt på Stortinget 1874-76 og 1877-79. Begge tingbolkane var han medlem av budsjettkomiteen.
Han døydde på garden sin, Toksen, i Nord-Fron i 1892.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Peder Olsson Brandvold NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv