Pedro I av Brasil

Pedro I av Brasil, portugisisk Dom Pedro I do Brasil (12. oktober 179824. september 1834) var ein kortvarig portugisisk konge og keisar av Brasil. Han erklærte Brasil sjølvstendig i 1822, og seg sjølv som keisar i landet.[1][2] Han la dermed grunnlaget for det einaste etablerte keisardømet på den vestlege halvkula. Han vart konge av Portugal i 1826, som Peter IV.[3]

Pedro I

Fødenamn Pedro de Alcântara Francisco António João Carlos Xavier de Paula Miguel Rafael Joaquim José Gonzaga Pascoal Cipriano Serafim de Bragança e Bourbon
Statsborgarskap Kongedømet Portugal, Keiserdømmet Brasil
Fødd 12. oktober 1798
Palácio Nacional de Queluz, Queluz i Portugal
Død

24. september 1834 (35 år)
Palácio Nacional de Queluz, Queluz i Portugal

Yrke politikar, komponist, lyrikar, monark
Språk portugisisk
Verv Konge av Portugal
Periode 1826-1826
Føregangar Johan VI
Etterfylgjar Maria II
Verv Keisar av Brasil
Periode 1822-1831
Føregangar Ingen
Etterfylgjar Pedro II
Medlem av Academia Brasileira de Música
Religion Den romersk-katolske kyrkja
Far Johan VI av Portugal
Mor Carlota av Spania
Ektefelle Maria Leopoldina av Austerrike
Amélie von Leuchtenberg
Partnar Domitila de Castro, Marchioness of Santos, Maria Benedita de Castro Canto e Melo, Henriette Josephine Clémence Saisset
Pedro I av Brasil på Commons

Liv og virke endre

Bakgrunn endre

 
Portrett av Pedro frå 1804.
 
Portrett av Pedro frå 1809.

Pedro var fødd i Queluzpalasset i Queluz nær Lisboa. Han stamma frå Huset Bragança og var son av tronarvingen Johan (portugisisk João), den seinare Johan VI av Portugal. Det fulle namnet hans ved dåpen var Pedro de Alcântara Francisco António João Carlos Xavier de Paula Miguel Rafael Joaquim José Gonzaga Pascoal Cipriano Serafim.

I 1809, då han var ni år gammal, måtte den portugisiske kongefamilien rømma til Brasil for å sleppa unna Napoleonskrigane.[4] Dei budde i Rio de Janeiro, som de facto blei hovudstad for Portugal. Som følgje av dette blei Brasil sett på som likestilt med moderlandet. Pedro kom først tilbake til fødelandet i 1832, etter eit fråvere på 24 år.

I 1815 blei Brasil gjort om til eit eige kongedøme knytt til Portugal gjennom personalunion av Wienerkongressen. Dermed opphøyrde Brasil å ha kolonistatus. Bestemora til Pedro, dronning Maria I, fekk dermed tittel som dronning av Brasil i tillegg til sine portugisiske titlar.

Tronfølgjar endre

I 1816 døydde Maria I, og sonen blei konge av Brasil og Portugal som Johan VI. Peter blei dermed tronfølgjar av begge rika.

I Portugal hadde britiske styrkar allereie fått slutt på den franske okkupasjonen. Ettersom kongen til å byrja med ikkje ønska å venda tilbake til Portuga, blei landet regjert av den britiske øvstkommanderande William Carr Beresford som militærdiktator. I 1821 kom det til ein liberal revolusjon i Portugal, og Beresford blei styrta. Det blei erklært ein liberal grunnlov, og parlamentet (Cortes) gav kongen eit ultimatum om å venda tilbake. Johan VI bestemte seg for å forlata Brasil og venda tilbake til Portugal. Også mor til Peter, dronning Charlotte Joachime, og den yngre broren han, prins Mikael, drog frå Brasil.

Regent i Brasil endre

Peter blei derimot verande i Rio de Janeiro og blei utnemnd til regent av Brasil av far sin. Det portugisiske parlamentet var ikkje nøgd med dette arrangement. Mange her ville gjeninnføra kolonialstatus for Brasil, og få kronprinsen til å venda tilbake til Portugal. Dette nekta Peter.

Keisar av Brasil endre

 
Måleri av Pedro I som komponerer den brasilianske nasjonalsongen «Hino da Independência».

I staden for å gje etter for parlamentet, erklærte Peter brasiliansk sjølvstende den 7. september 1822. Erklæringa fann stad under ei reise til São Paulo, nær elva av Ipiranga med eit dramatisk «sjølvstende eller død!» (Indepêndencia ou morte!), som gjekk inn i historia som «Ipiranga-ropet» (o grito do Ipiranga). Peter av Portugal blei så den 12. oktober utropt til keisar Peter I av Brasil, og krona 1. desember 1822.

Det er mogleg at erklæringa var avtalt med faren i Portugal på førehand. På denne tida gjekk ei dramatisk revolusjonær rørsle over Latin-Amerika. Den eine etter den andre av dei spanske koloniane som låg rundt Brasil erklærte seg sjølvstendige og blei republikkar. Den portugisiske kongen frykta kanskje med rette at om parlamentet fekk gjennom viljen sin og gjeninnførte kolonialstatus for Brasil, ville det føra til ei liknande utvikling der som i dei spansktalande områda rundt. Den portugisiske kongen kunne ikkje godkjenna sjølvstendeerklæringa – det skjedde først i 1825 – men han straffa heller ikkje sonen sin på nokon måte for handlinga, og Peter heldt på arveretten til Portugal.

I Portugal fann det stad dramatiske hendinga i 1824. Konservative krefter under dronninga og prins Mikael prøvde å reversera den liberale revolusjonen og gjeninnføra absoluttisme. Ettersom kongen ikkje var med på dette, blei han halden praktisk talt som fange av kona og sonen. Han kom seg tilslutt fri, og med britisk hjelp kunne han ta over regjeringsmakta att. Mikael blei landflyktig i Wien.

Fråverande konge av Portugal endre

 
Litografi av Peter og dottera hans med grunnloven av 1826.

Johan VI døydde i mars 1826. Dermed arva Pedro den portugisiske krona som Pedro IV av Portugal. Han vegra seg mot å forlata Brasil og venda attende til Portugal. Portugal fekk dermed regentstyre; regenten blei systera hans Isabella Maria. Etter oppstanden i 1824 hadde Portugal ikkje lenger nokon grunnlov, ettersom den liberale grunnloven av 1821 var blitt oppheva av Johan VI. Peter gav landet ein ny grunnlov i 1826, den såkalla Charta. Den portugisiske regenten og politikarane rundt henne var derimot absoluttistisk innstilt og meinte at landet godt kunne klara seg utan grunnlov.

Abdikasjon frå den portugisiske trona endre

Det viste seg etterkvart at Peter ikkje klarte å sameina dei to rika. Det viste seg å ikkje vera mogleg å styra både Brasil og Portugal samtidig. I Portugal var ein ikkje lenger villige til å forhalda seg til nok ein konge som ikkje budde i landet. I Brasil voks kritikken om at keisaren brukte meir og meir tid og energi på å løysa portugisiske problem. Monarken måtte velja mellom Portugal og Brasil.

Han valde Brasil, og abdiserte som konge av Portugal i mai 1826. Dottera etterfølgde han på trona som Maria II. Han innsette broren Mikael i Wien som regent for den mindreårige dottera. Planen var at broren seinare, når Maria var blitt eldre, skulle gifta seg med henne. Slik kunne dei regjere Portugal i fellesskap og dei to greinene av huset Braganza førast saman i vennskap att.

I Wien blei det til og med gjennomført eit bryllaup ved stadfortredar. Maria, som frem til då hadde vore ved faren sitt hoff i Rio de Janeiro, reiste til Wien, der ho skulle blir oppseda ved keisarhoffet hoff. Mikael svor truskap til broren og niesa si og respekt for grunnloven, og drog til Lisboa der han tok over regentskapet frå Isabella Maria.

Krig mellom to brør endre

Så snart Mikael var tilbake i Lisboa trekte han seg frå løfta han hadde gjeve. Han allierte seg med den reaksjonære krinsen rundt Isabella Maria, oppløyste tokammersparlamentet og kalte i staden saman det tradisjonelle Cortes (Trestendarrådet, Conselho dos três Estados), og lét seg sjølv utropa av det til kong Mikael I (1828). Peter nekta å finna seg i dette tillitsbrotet frå broren, og ville halda dottera si på den portugisiske trona. Slik byrja krigen mellom to brør, eller Miguelistkrigen (1832–1834).

I Brasil hadde Peter fått aukand innanrikspolitiske vanskar å stri med. Der kritiserte ein også keisaren si innblanding i portugisisk politikk. I 1831 gav Peter I seg som keisar der til fordel for sonen sin, Peter II. Han tok på nytt tittelen som hertug av Bragança, proklamerte sitt regentskap over Portugal for dottera Maria, og reiste til Frankrike, der han fekk støtte frå den nye kongen Ludvig Filip.

Ved Asorane hadde den seinare hertugen av Terceira sigra over ein flåtestyrke send ut av Mikael, og dermed blei øyane liggjande utanfor sområde Mikael styrte over. Peter landa den 3. mars 1832 på Asorane og var for første gong på portugisisk grunn sidan 1807, då han hadde flykta frå landet som niåring. Her organiserte han ein hær som han seinare same år førte til det portugisiske fastlandet.

I 1834 klarte han å nedkjempa Mikael, som igjen måtte gå i eksil i Austerrike. Dronning Maria II var allereie i 1833 kome tilbake til Lisboa. Peter blei regent, men var då allereie dødssjuk. Han fekk Cortes til å erklæra dottera myndig, slik at han sjølv kunne trekka seg tilbake. Kort tid etter døydde Peter i Queluz utanfor Lisboa.

Leivningane hans blei overførte til Brasil, og kviler no ved sjølvstendemonumentet i Ipiranga, ein forstad til São Paulo.

Kjelder endre

  1. Birmingham, David: A Concise History of Portugal, Cambridge University Press, 2003, s. 114
  2. Brazilian Independence, brazil.org. Besøkt 19. april 2015
  3. Pedro I, king of Portugal, britannica.com. henta 19. april 2015
  4. Dom Pedro I, First Emperor of Brazil, latinamericanhistory.com. Besøkt 19. april 2015

Litteratur endre

  • Walther L. Bernecker, Horst Pietschmann, Rüdiger Zoller: Eine kleine Geschichte Brasiliens (= Edition Suhrkamp 2150). Suhrkamp, Frankfurt am Main 2000, ISBN 3-518-12150-2.
  • Pedro Calmon: Historia do Brasil. Olympio, Rio de Janeiro 1959;
    • Bind 4: Século XVIII: riquezas e vicissitudes (conclusao). Século XIX: o império e a ordem liberal. OCLC 495415126
    • Bind 5: Século XIX: o império e a ordem liberal (conclusao). OCLC 495415676
  • Delgado de Carvalho: Historia diplomatica do Brasil (= Biblioteca do espírito moderno. Série 3: História e biografia 65. Companhia Editora Nacional, Sao Paulo 1959.
  • George Edmundson: Brazil and Portugal. I: The Cambridge Modern History. Volume 10: The Restoration. Cambridge University Press, Cambridge 1907. OCLC 22666836 (opptrykk 1969)
  • Heinrich Handelmann: Geschichte von Brasilien. Julius Springer, Berlin 1860. (digital vesjon)
  • Florian Kienzl: Kaiser von Brasilien. Herrschaft und Sturz Pedros I. und Pedros II. Propyläen-Verlag, Berlin 1942. OCLC 2465050
  • Manuel de Oliveira Lima: Dom Pedro e Dom Miguel. A querela da successão (1826–1828). Cayeiras, São Paulo 1927. OCLC 2011788
  • João Ribeiro: Historia do Brasil. 18. edição revista e completada. F. Alves, Rio 1964. OCLC 3692231
  • Manfred Wöhlcke: 500 Jahre Brasilien. Die Entstehung einer Nation. Vier-Viertel-Verlag, Strasshof 2000, ISBN 3-9500908-6-X.