Pemón
(Omdirigert frå Pemon)
Pemón er eit karibisk språk mest brukt i regionen Gran Sabana i delstaten Bolívar i Venezuela. Ethnologue oppgjev 5000 brukarar i Venezuela i 2001 og noko over 6000 totalt.[1] Det finst òg somme brukarar i Brasil og i Guyana nær grensa til Venezuela.
Pemón | ||
Klassifisering | karibisk nordleg aust-vest guiana macushi-kapon kapon | |
Talarar | pémonfolk | |
Bruk | ||
Pemóntalande i alt | 6160[1] | |
Skriftsystem | Det latinske alfabetet | |
Språkkodar | ||
ISO 639-3 | aoc |
I litteraturen er det brukt ulike andre namn for pemón: Pemong, arecuna, aricuna, jaricuna, kamarakoto, camaracoto, taurepan, taulipang, makuxi, macuxi, macushi. Somme kan vere dialektar eller språk i nær slekt, som camaracoto.
Grammatikk
endrePersonlege pronomen på pemón er:
Pemón | Norsk |
---|---|
yuré | eg, meg |
amäre | du |
muere, mesere | han, ho |
urekon | me |
ina | me (ikkje deg/dykk) |
amärenokon | dykk |
ichamonan | dei |
Språkdøme
endreTekne frå Venezuelan Indian[2]
- waküperö - hei, korleis går det?
- airö - hadet
- waküpe-küruman - takk
Talord
- taükin - 1
- saküne - 2
- seurawöne - 3
- sakorörö - 4
- taükin - yenna - 5
- pona taükin - 6
- pona saküne - 7
- pona seurawöne - 8
- pona sakorörö - 9
- saküne yenna - 10
Bakgrunnsstoff
endre- Theodor Koch-Grunberg, Vom Roraima Zum Orinoco (From Roraima to the Orinoco), 1917)
- David John Thomas, Order Without Government: The Society of the Pemon Indians of Venezuela, University of Illinois Press, 1982
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Pemon language» frå Wikipedia på engelsk, den 30. oktober 2013.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Gutiérrez Salazar, Msr Mariano: Gramática Didáctica de la Lengua Pemón. Caracas 2001. ISBN 980-244-282-8.
- De Armellada, Fray Cesáreo y Olza, Jesús,s.j.: Gramática de la lengua pemón (morfosintaxis) (1999) Caracas, Publicaciones Ucab, Vicariato Apostólico del Caroní y Universidad Católica del Táchira. 289 pages.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
Fotnotar
endre- ↑ 1,0 1,1 ethnologue.com
- ↑ «Speak like a native - Pemon and Warao basics», Venezuelan Indian