Per Olav Øien (fødd 31. oktober 1937 i Fana) er ein norsk fløytist og i fleire år solofløytist i Oslo Filharmoniske Orkester og Den Norske Blåsekvintett.

Per Øien
Fødd31. oktober 1937
FødestadFana
Død25. mai 2016 (78 år)
OpphavNoreg
Instrumentfløyte
Verka sommusikar, professor
PrisarPrinsesse Astrids musikkpris

Han tok eksamen ved Bergens Handelsgymnas (1956) og Bergen Musikkonservatorium under fløytisten Hans Stenseth og teorilæraren Trygve Fischer. I heimbyen spelte han i Bergen Filharmoniske Orkester (1956-61), men flytta til Oslo for å kunne studere med Ørnulf Gulbransen. Debuten fann stad i Universitetets Aula i (1962). Med jamaldrande starta han Oslo Blåsekvintett (1962). Han overtok etter Alf Andersen i Kringkastingsorkestret (1962) og heldt fram studiar internasjonalt, då hos Aurèle Nicolet i Salzburg, Marcel Moyse i Sveits og Julius Baker i USA.[1] Øien spelte i Oslo Filharmoniske Orkester (1967-85), frå 1970 som solofløytist i orkesteret og overtok i 1972 plassen til Ørnulf Gulbransen i Den Norske Blåsekvintett (1972).

Han vart tilsett ved Norges Musikkhøgskule som førsteamanuensis (1973), der han fekk opprykk til professor (1985). Utanlands har han spesielt spelt mykje i Canada og vore gjesteprofessor ved University of Western Ontario (1977, 1979) ofte i samarbeid med Robert Aitken.[2] I tillegg til fleire mindre bidrag på samleplater har han gjeve ut eit par i par. Per Øien reknast med i eliten av norske fløytespelarar i det 20. århundret der namn som Alf Andersen, Ørnulf Gulbransen, Torkil Bye og Tom Ottar Andreassen høyrer til dei beste.

Utgjevingar endre

Prisar endre

Kjelder endre

  1. Elef Nesheim, Om Per Øien (16.1.2008)
  2. artistside[daud lenkje] og jobbeside[daud lenkje]