Per Martin Sandtrøen

norsk politikar

Per Martin Sandtrøen (fødd 5. oktober 1985) er ein norsk økonom og politikar frå Tynset. Han er sidan 2021 stortingsrepresentant frå Hedmark for Senterpartiet.

Per Martin Sandtrøen

Fødd5. oktober 1985 (39 år)
Statsborgar avNoreg
PartiSenterpartiet
Yrkepolitikar
Alle verv
  • vararepresentant til Stortinget (2017–2021)
  • vararepresentant til Stortinget (2021–)
  • stortingsrepresentant (fast møtande vararepresentant, 2021–) Sjå dette på Wikidata

Sandtrøen er utdanna økonom ved Norges handelshøyskole. Frå 2014 var han i arbeid som rådgjevar for stortingsgruppa til Senterpartiet. Leiar av Hedmark Senterparti frå 2019. Ved stortingsvalet 2021 vart han vald til fyrste vararepresentant til Stortinget, har sidan møtt fast på Tinget ettersom Trygve Slagsvold Vedum tok sete i Støre-regjeringa. Sandtrøen er medlem i Finanskomitéen.

Politikaren Nils Kristen Sandtrøen er bror hans.

Kjelder

endre