Trygve Slagsvold Vedum
norsk politikar
Trygve Magnus Slagsvold Vedum (fødd 1. desember 1978 i Hamar) er ein norsk gardbrukar og politikar frå Senterpartiet. Han har vore leiar for partiet sidan våren 2014 og vald inn på Stortinget frå Hedmark sidan hausten 2005.
Trygve Slagsvold Vedum | |
Fødd | 1. desember 1978 (42 år) |
---|---|
Nasjonalitet | ![]() |
Parti | Senterpartiet |
Yrke | Bonde, politikar |
1. verv | Leiar i Senterpartiet |
- periode | 7. april 2014– i dag |
- føregangar | Liv Signe Navarsete |
2. verv | Norsk landbruks- og matminister |
- periode | 18. juni 2012– 16. oktober 2013 |
- regjering | Stoltenberg II |
- føregangar | Lars Peder Brekk |
- etterfylgjar | Sylvi Listhaug |
3. verv | Parlamentarisk leiar i Senterpartiet |
- periode | 1. oktober 2009– 18. juni 2012 |
- føregangar | Rune J. Skjælaaen |
- etterfylgjar | Lars Peder Brekk |
4. verv | Stortingsrepresentant |
- periode | 1. oktober 2005– i dag |
- valkrins | Hedmark |
5. verv | Leiar i Senterungdommen |
- periode | 2002– 2004 |
- føregangar | Anne Beathe Kristiansen |
- etterfylgjar | Erlend Fuglum |
Wikimedia Commons: Trygve Slagsvold Vedum | |
Vedum var leiar for Senterungdomen 2002 til 2004, og har sete i fylkestinget i Hedmark 1999-2005. Den nye stortingsgruppa til Senterpartiet valde 16. september 2009 Vedum til parlamentarisk leiar. 18. juni 2012 vart han utnemnd til landbruks- og matministeren i regjeringa Stoltenberg II.
Vedum er utdanna agronom; samt bachelor med sosiologi og statsvitskap frå Universitetet i Oslo. Vedum driv eigen gard på Ilseng i Stange. Han arbeidde i Senterpartiet som organisasjonsrådgivar 2004-05.
StortingskomitearEndra
- 2005–2009 medlem i Kommunal- og forvaltingskomiteen
- 2005–2009 medlem i Valkomiteen
- 2009–2013 medlem i Utanriks- og forsvarskomiteen