Per Maurseth
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Per Eggum Mauseth.
Per Maurseth (7. juni 1932–10. mai 2013) var ein norsk historikar.
Per Maurseth | |||
| |||
Fødd | 7. juni 1932 Bergen | ||
---|---|---|---|
Død | 10. mai 2013 | ||
Nasjonalitet | Noreg | ||
Yrke | historikar, professor | ||
Institusjonar | Universitetet i Oslo Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet | ||
Barn | Per Botolf Maurseth | ||
Medlem | Det Norske Videnskaps-Akademi |
Maurseth vart fødd i Bergen. Han vart dr. philos. i 1979 på avhandlinga Sentraladministrasjonens historie 1814-1845. Per Maurseth var elev av Jens Arup Seip.
Han var ein av initiativtakarane til Sosialistisk Folkeparti som braut ut av Arbeidarpartiet i 1961. I Sosialistisk Folkeparti var han ein periode nestformann og han sat i sentralstyret.
Maurseth vart førsteamanuensis i historie ved Universitetet i Oslo 1971, og seinare professor i historie ved Universitetet i Trondheim frå 1982 til 2002. Hovudforskingsområdet til Maurseth har vore historia til arbeidarrørsla. Han var redaktør av Tidsskrift for Arbeiderbevegelsens Historie i perioden 1976 til 1986.
Maurseth var oppnemnd av Kongen i statsråd som medlem i Innsynsutvalet som handsama krav om innsyn i Overvåkingspolitiets arkiv og registere i perioden 2001–2007.
Han var far til sosialøkonomen og statssekretæren Per Botolf Maurseth.
Bibliografi
endre- 1972 Fra Moskvateser til Kristianiaforslag. Det norske Arbeiderparti og Komintern fra 1921
- 1981 Embetsmannsstat og Rettsstat. Teorien om ´politikkens opphevelse´ og politisk handling etter 1814 i HT 60 s.169-179
- 1988 Gjennom kriser til makt 1920-1935 bind 3 av Arbeiderbevegelsens historie i Norge
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Per Maurseth» frå Wikipedia på bokmål, den 21. mars 2021.
Bakgrunnsstoff
endre- Publikasjonar av Per Maurseth i BIBSYS
- Per Maurseths privatarkiv finnes på NTNU Universitetsbiblioteket,