Per T. Hovland

Norsk bonde og politikar

Per Thorsson Hovland (17. oktober 18701957) var ein norsk gardbrukar og politikar frå Vangsnes i Balestrand herad i Sogn. Han representerte Høgre og seinare BondepartietStortinget i til saman tre periodar i tida mellom 1919 og 1936.

Per T. Hovland
Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. oktober 1870
Død

1957 (86 år)

Hovland var son til ein gardbrukar. Skulevinteren 1899/91 var han elev på Sogndal folkehøgskule. Han tok over farsgarden Hovland i 1894 og dreiv denne til etterkomar tok over. Elles var han åstadskommissær og åra 1909-18 revisor i sparebanken i Balestrand.

Hovland stod i fremste rekke i bygdestyringa av Balestrand. Han var såleis varaordførar 1904-22 og ordførar 1922-25. I si tid var han nestformann i skulestyret, medlem i fattigstyret og likningsnemnda i Balestrand. Han var også engasjert i ymse kristelege lag og utskot, mellom anna var han i tida 1937-45 nestformann i Bjørgvin bispedømeråd.

Ved stortingsvalet hausten 1918 vart Hovland vald til å representere einmannskrinsen Ytre Sogn og partiet Høgre i perioden 1919-21. Fram til 21. juni 1920 var han medlem i Protokollkomiteen, deretter sat han i Vegkomiteen til 22. juni 1921, då han atter tok plass i Protokollkomiteen. Ei tid etter Bondepartiet var skipa, melde han seg til teneste for det ferske partiet. Periodane 1931-33 og 1934-36 var han stortingsmann frå Sogn og Fjordane fylke og for Bondepartiet. I den fyrste treårsbolken var han medlem i Sosialkomiteen, i den andre var han sekretær i Administrasjonskomiteen.

Kjelder endre