Per Vestaby

norsk musikar

Per Bjørn Vestaby (fødd 8. august 1950) er ein norsk bassist som i dag spelar i CC Cowboys. Han kjem opphavleg frå Fornebu i Bærum. På 1960-talet spelte han som tenåring i ulike guteband. Etter kvart byrja han å komponere songar og material sjølv, det gjorde til at han fekk gullplate.

Per Vestaby
Per Vestaby 02.jpg
Fødd 8. august 1950 (70 år)
Fornebu
Yrke musikar, bassgitarist, komponist

KarriereEndra

Vestaby byrja først fast i gruppa Shuffle, som seinare skifta namn til Bazar, men berre få år etter starta han si eiga gruppe, Veslefrikk, med nokre av dei gamle medlemmane frå Bazar. Medan han spelte i Bazar, var han ein periode òg med i rockegruppa Folque. I 1983 starta han saman med Anne Grete Preus, som òg hadde vore i Veslefrikk, bandet Can Can. Seinare var han òg ein av medlemmane i Mercury Motors. Han turnerte med Jan Dahlen and the Shotgun Riders, og med Andrej Nebb i De Press (mest i Polen).

Per Vestaby har spelt på plater med Folque, deLillos, Kari Iveland, Anne Grete Preus, Einmal kommt die Liebe, Sterk Naken og Biltyvene, Magnus Grønneberg, Kåre Virud og Staffan Hellstrand. Dessutan musikk i tre filmar: Giftige løgner, Amatørane og Vektløs.

I 1993 gav han ut soloplatea 10000 Flowers and One B. Til dette fekk han hjelp frå Jørn Christensen, som han hadde spelt saman med i Mercury Motors. Fem år seinare drog Vestaby og Christensen til Danmark og Sverige for å spele inn With a Little Help From Myself. Per Vestaby spelar òg i bandet Young Neils med Lars Lillo Stenberg, Jørn Christensen og Palle Krüger. I 2003 vart Vestaby og Christensen med i CC Cowboys.

Som ein kuriositet kan nemnast at Vestaby hadde ein liten finger med i suksessfilmen Flåklypa Grand Prix, han er kreditert som kameraassistent.

DiskografiEndra

Soloalbum

Solosinglar

  • Airsick (1993)
  • Will i See Her Again (1993)
  • I Can't Sit Still (1998)
  • On the Mountain (1998)

CC Cowboys

Veslefrikk

Mercury Motors

Can Can

Andre artistar

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra