Fredløs av Folque
studioalbum av Folque
Fredløs Studioalbum av Folque | ||
Sjanger | Folkrock | |
Lengd | 30 min. | |
Selskap | Mai | |
Produsent | Arvid Esperø | |
Folque-kronologi | ||
---|---|---|
Dans dans Olav Liljekrans (1978) |
Fredløs | Landet ditt (1981)
|
Fredløs er eit musikkalbum med Folque, gjeve ut i 1980. Albumet vart produsert av Arvid Esperø.
Plata vart spelt inn 1979, og det var ikkje eit lett år for gruppa – som stod på randen av oppløysing. Gitarist Lars Helljesen og bassist Per Vestaby spelte på dette tidspunkt både i Folque og Veslefrikk. Dette var ein vanskelig situasjon og midt i planlegginga av plata slutta Per Vestaby i Folque, medan Lars Helljesen slutta i Veslefrikk.
Dei mest «rocka» låtane på plata, mellom anna «Hjuringstev», vart øvd og spelt inn med Per Vestaby, produsent Arvid Esperø spelar bass på nokre låtar, medan eit par er heilt akustiske, utan bass og trommer.
Innhald
endreAlle songane er tradisjonelle, utanom der anna er nemnt.
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Åleina» | Arvid Hanssen/Kai Larsen | 1:10 |
2. | «Hjuringstev» | Trad./Morten Bing | 2:21 |
3. | «Reinlender fra Vingelen» | 2:04 | |
4. | «Juljeitsån» | 3:26 | |
5. | «Nøkken» | 3:11 | |
6. | «Det er ikkje hær æ høre tel» | Jan Torbergsen | 3:59 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
7. | «Reinlender & ril» | 2:24 | |
8. | «Liti Kjersti og alvekongen» | 4:44 | |
9. | «Tel dæ» | Trad./Jenn Mortensen | 2:20 |
10. | «Veslejenta/Kvernjenta» | 3:37 | |
11. | «Sidsel og Monas vals» | 1:00 |
Medverkande
endre- Jenn Mortensen: Song
- Lars Helljesen: Song, ak. og el. gitar
- Øyvind Rauset: Fele, mandolin
- Morten Bing: Ak. og el. dulcimer, ak, gitar, mandolin, 5 str.- banjo
- Per Vestaby: Bass
- Morten Jacobsen: Trommer
Studiomusikarar
endre- Geir Otnes: Trekkspel
- Helge Korvald: Cornamuse, krummhorn
- Arvid Esperød : Bass, (produsent)
- Richard Burgess: Kor