Pereira (peˈɾeiɾa) er hovudstaden i Risaralda-departementet i Colombia. Han ligg i eit kaffeproduserende område av Colombia, offisielt kjent som «kaffiaksen». Pereira, saman med resten av kaffiaksen, er med på UNESCO si liste over kulturarven i verda frå 2011.[1] Han er den mest folkesette byen i kaffiaksen. Pereira er òg ein del av eit storbyområde i Risaralda, som har meir enn 700 000 innbyggjarar, og består av Pereira og dei nærliggande byane Dosquebradas og La Virginia.

Pereira
Byvåpenet til Pereira
Styresmakter
Land Colombia
Borgarmeister Juan Pablo Gallo Maya
Geografi
Flatevidd 702 km²
Innbyggjarar
 - By (2017)

474 335
Koordinatar 4°48′51.4″N 75°41′40.41″W / 4.814278°N 75.6945583°W / 4.814278; -75.6945583
Høgd over havet 1411 m
Tidssone EST (UTC-5) (UTC)
Diverse anna
Telefon-retningsnummer +57 + 6
Heimeside: http://www.pereira.gov.co/
Nettstad: www.pereira.gov.co
Plassering

Geografi, geologi og klima endre

Storbyområdet Pereira er plassert sentralt i eit triangel med dei tre største byane i landet, Bogotá, Medellín og Cali, som hjørnepunkt. Det urbane Pereira ligg i vestskråninga av den sentrale fjellkjeda av Andes i Colombia, i ein sidedal nemnt Otún-dalen. Sentrum av byen er berre ca. 20 km i luftlinje frå Cauca i vest. Elva Otún er ein del av Cauca-vassdraget og er ei grenseelv mellom det urbane Pereira og nabobyen Dosquebradas i nord.

Arealet av kommunen Pereira er 702 km2 og kommunen grensar mot kommunane La Virginia, Marsella og Dosquebradas i nord, i nordaust mot Santa Rosa de Cabal og i aust mot departementet Tolima, i sør grensar han mot departementa Quindío og Valle del Cauca.

Pereira ligg i eit område med høg seismisk og vulkansk aktivitet. Den austlege delen av kommunen ligg innanfor nasjonalparken Los Nevados, og grensa i nordaust er nær toppen av vulkanen Santa Isabel. Ein annan vulkan rett ved kommunegrensa er Nevado del Ruiz. Pereira var ein av byane hardast råka av eit jordskjelv i den sentrale delen av landet den 25. januar 1999. Totalt omkom 1171 menneske og ca. 150 000 vart heimlause i området.[2]

På grunn av plasseringa nær ekvator og mellom to fjellkjeder, er det ingen utprega regntider eller tørre årstider i Pereira, og ingen store temperaturskilnader i løpet av året. Gjennomsnittleg temperatur er ca. 22 °C, gjennomsnittleg nedbør er ca. 2750 mm per år.

Kjelder endre

Referansar
  1. Unesco World Heritage List - Coffee Cultural Landscape of Colombia Henta 30. desember 2018
  2. US Agency for International Development Colombia - Earthquake Fact Sheet #6, Fiscal Year 1999 Henta 30. desember 2018

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Pereira