Los Nevados nasjonalpark

Denne artikkelen handlar om nasjonalparken i Colombia. For den administrative eininga og landsbyen i Venezuela, sjå Los Nevados.

4°48′00″N 75°22′00″W / 4.80000°N 75.36667°W / 4.80000; -75.36667

Los Nevados nasjonalpark
nasjonalpark
Parque Nacional Natural Los Nevados
Land  Colombia
Departement Caldas, Quindío, Risaralda, Tolima
Høgd 2 600 - 5 300 m
Areal 683 km²
Grunnlagd 1973
Styre SINAP
Kart
Los Nevados nasjonalpark
4°48′00″N 75°22′00″W / 4.8°N 75.366667°W / 4.8; -75.366667
Wikimedia Commons: Parque Nacional Natural de los Nevados

Los Nevados nasjonalpark (spansk Parque Nacional Natural Los Nevados) er ein nasjonalpark som ligg i den sentrale fjellkjeda av Andes i Colombia. Parken inkluderer den nordlege vulkangruppa av fleire stratovulkanar, med Nevado del Ruiz og Nevado del Tolima som dei høgste, begge strekker seg over 5000 moh.

Dette er i grenseområdet mellom fire departement, dei rørde er departementa Caldas, Quindío, Risaralda og Tolima. Totalt gjev 11 kommunar areal til parken, inkludert noko areal i storbykommunen Pereira.

Geologi endre

Iserosjon har forma landskapet i parken over 3000 moh. Resultata er synlege som U-dalar med morenar. Ekstrusive magmatiske bergartar er dominerande over 3500 moh. på den austlege sida, og over 2200 moh. på den vestlege.[1] Otún-sjøen ligg i eit krater av ein utdøydd vulkan innanfor parken.[2]

Nedslagsfelta endre

Det verna området er viktig for regionen på grunn av dei mange vasskjeldene med utspring i parken. Mindre isbrear ved dei tre vulkanane, Nevado del Ruiz, Nevado de Santa Isabel og Nevado del Tolima bidreg med smeltevatn til elver i dei to store nedslagsfelta i regionen. Elvene Gualí, Lagunilla, Recio, Totare og Coello leverer til Magdalenaelva, og dei attverande fire, Chinchiná, Campoalegre, Otún og Quindío leverer vatn til Cauca. Parken gjev vassforsyning til meir enn 2 millionar menneske i regionen, til kaffiplantasjar og til dei fleste ris- og bomullsplantasjar i Tolima-departementet.[2] Otún-våtmarkssystemet, som ligg i parken, vart erklært eit internasjonalt viktig våtmarksområde etter Ramsar-konvensjonen.

Flora og fauna endre

Parken består av ulike økosystem som varierer med høgdnivået. Dei nedre områda av parken er ei blanding av skog som er typisk for Andes, samt våtmarksområde. Dei høgare områda av parken består av páramo og superpáramo økosystem. Páramo består av grassletter, torvmyr, kratt, sumpar og laguner og opptek 80 % av arealet til parken. Superpáramo frå ca. 4500 moh. og høgare, er eit måneliknande landskap med berg, oske og sparsam vegetasjon.

Området er heimstad for 1250 artar av karplantar, 200 mosar, 300 lavartar og 180 makroskopiske soppar.[1] På dei nedre fjellsidene og i dalane er vokspalmar dominerande. Den øvre andesskogen har tre som veks opptil 30 meter i høgd.[2]

Fuglefaunaen inkluderer blåkronemotmot, guløyreparakitt, olivenmaskepapegøye, rustgrimeparakitt, andeskondor, umbramaurpitta og stivhaleand. Okerhjelmkolibri er endemisk for eit avgrensa område i og rundt nasjonalparken.[1][2] Pattedyr inkluderer andestapir, brillebjørn, andespudu, (Pudu mephistophiles), tigerkatt, (Felis tigrina), puma og ein pungrotteart.[2][3]

Kjelder endre

Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 Rangel-Ch., J. Orlando; Garzón-C., Aída (1997). «Region of Los Nevados Natural National Park». I Davis, S.D.; Heywood, V.H.; Herrera-MacBryde, O.; Villa-Lobos, J.; Hamilton, A. Centres of Plant Diversity: A Guide and Strategy for Their Conservation. Volume 3: The Americas. Cambridge, England: World Wide Fund for Nature, International Union for Conservation of Nature and Natural Resources. ISBN 2-8317-0199-6. Arkivert frå originalen 9. juli 2010. Henta 11. juli 2010. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 «Nature & Science Los Nevados». Parques Nacionales Naturales de Colombia. Arkivert frå originalen 7. juli 2011. Henta 11. juli 2010. 
  3. Villegas (2007) s. 196