Perleugle
fugleart
(Omdirigert frå Perleugla)
Perleugla er mellom dei mindre norske ugleartane og kan verta funnen i Trøndelag og på Aust- og Sørlandet. Arten liker best gamal barskog, og lever i store delar av Eurasia og Nord-Amerika.
Perleugle | |
Perleugle | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av perleugle | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Ugler Strigiformes |
Familie: | Uglefamilien Strigidae |
Slekt: | Aegolius |
Art: | Perleugle A. funereus |
Vitskapleg namn | |
Aegolius funereus |
Skildring
endrePerleugla vert opptil 25 cm lang og kan vega opptil 160 g. Fjørdrakta er gråbrun med store kvite flekker på oversida, undersida er lysare. Ungfuglar er heilt brune.
Hekking
endrePerleugla hekkar frå mars til juni, og nyttar som regel reirhòl frå større hakkespettar. Hoa legg 3-7 egg og rugar dei i underkant av ein månad. Ungane vert verande hjå foreldra i litt over 30 dagar.
Galleri
endre-
Læte
-
Egg
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Tengmalm's Owl» frå Wikipedia på engelsk, den 10. juli 2007.
- Nicolay, Singer & Wothe: Fugler, Cappelens naturhåndbøker