Uglefamilien
Uglefamilien | |
![]() Snøugle | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Underklasse: | Neognathae |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Ugle Strigiformes |
Familie: | Uglefamilien Strigidae Vigors, 1825 |
Uglefamilien (Strigidae) er ein famile med små til mellomstore predatorar i den biologiske ordenen Strigiformes. Dei har kort, krokete nebb, stort hovud, sterkt utvikla syn og høyrsle, og er for det meste nattaktive.
«Verkelege ugler», Strigidae, er ein av dei to allment aksepterte uglefamiliane, den andre familien er tårnugler, Tytonidae. Verkelege ugler har ei kosmopolitisk utbreiing og finst på alle kontinent unntatt Antarktis.
SkildringEndra
Medan verkelege ugler, frå no av berre kalla ugler, varierer sterkt i storleik, slik at dei største artane, hubro og nordfiskeugle, er hundre gonger større enn den minste arten, alveugle, deler ugler generelt ein svært lik kroppsbygning.[1] Typisk har dei stort hovud, korte halar, kamuflerande fjørdrakter og runde andlet med karakteristiske «tallerkenar» rundt auga. Familien er generelt knytt til tre, med nokre få unntak som graveugle, og flyg mot føda eller byttet. Vengene er breie, avrunda og lange. Nett som rovfuglar, syner mange ugleartar kjønnsdimorfisme i storleik, der hofuglar er større enn hannfuglar.[2]
Fjørene er mjuke og den indre delen av kvar fjør er dunete, slik at uglene rører seg med minimal lyd i flukta. Tær og tars er fjørdekte hos einskilde artar, og meir på artar på høgare breiddegrader.[3] Mange ugleartar i slekta Glaucidium og haukugle har øyelappar på baksida av hovudet, tilsynelatande for å overtyde andre fuglar om at dei blir overvakt heile tida. Talrike nattlege artar har øyretoppar, fjører på sidene av hovudet som er trudd å ha ein kamuflasjefunksjon, ved å bryte opp omrisset av ein fugl som sit stille. Fjørene «andletstallerkenane» er ordna for å styrkje lydar mot øyra. Høyrsla til ugler er svært kjenslevar og øyrane er asymmetriske slik at ugla betre lokaliserer lydkjeldene. I tilhøve til storleiken på kroppen har ugler store auge. I motsetnad til det mange trur, kan ikkje ugler sjå godt i ekstremt mørke, og er også i stand til å sjå fint i dagslys.[1]
Ugler er generelt nattaktive og nyttar mykje av dagen til kvile. Dei blir ofte oppfatta som tamme sidan dei vil tillate menneske å nærme seg. I staden for å ta til flukt, freistar dei å unngå å bli oppdaga. Den kamuflerande fjørdrakta og bruk av skjulte kvilestader er eit forsøk på å unngå predatorar og mobbing frå småfuglar.
SlekterEndra
Slektene Oceanites i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[4] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[5] Det er 25 slekter i familien som samlar over 200 nolevande artar.
- Slekt Otus, 49 ugler i «den gamle verda», har øyretoppar
- Slekt Psiloscops, flammeugle, Psiloscops flammeolus
- Slekt Megascops, 23 «typiske» ugler i Amerika
- Slekt Pyrroglaux, palauugle, Pyrroglaux podarginus
- Slekt Margarobyas, gulbeinugle, Margarobyas lawrencii
- Slekt Ptilopsis, to artar i Afrika med lys fjørdrakt
- Slekt Lophostrix, kvittoppugle, Lophostrix cristata
- Slekt Jubula, mankeugle, Jubula lettii
- Slekt Pulsatrix, tre artar i den neotropiske regionen
- Slekt Bubo, 17 artar hubroar inkludert snøugle, Amerika og «den gamle verda»
- Slekt Ketupa, fire fiskeugler i Asia, ofte samla i Bubo.
- Slekt Scotopelia, tre flodugler i den afrotropiske regionen, ofte samla i Bubo.
- Slekt Surnia, haukugle, Surnia ulula
- Slekt Glaucidium, 28 små ugler med samla sett kosmopolitisk utbreiing
- Slekt Xenoglaux, kinnskjeggugle, Xenoglaux loweryi
- Slekt Micrathene, alveugle, Micrathene whitneyi
- Slekt Athene, fem små ugler på alle kontinent unntatt Australia og Antarktis
- Slekt Ciccaba, fire typiske ugler i den neotropiske regionen.
- Slekt Strix, 17 mellomstore til små typiske ugler utan øyretoppar
- Slekt Asio, sju typiske ugler med øyretoppar, utbreidd på alle kontinent unntatt Australia og Antarktis
- Slekt Nesasio, kampugle, Nesasio solomonensis
- Slekt Pseudoscops, jamaikaugle, Pseudoscops grammicus
- Slekt Aegolius, fire ugler, den nordlege halvkula, ein art, svartbrynugle, i Sør-Amerika
- Slekt Ninox, 31 ugler i Asia og den australske regionen, mange med fellesnemninga falkugle
- Slekt Uroglaux, papuaugle, Uroglaux dimorpha
10 ugleartar hekkar i Noreg. Dette er:
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «True owl» frå Wikipedia på engelsk, den 3. februar 2013.
ReferansarEndra
- ↑ 1,0 1,1 J. S. Marks, R. J. Cannings & H. Mikkola (1999). «Family Strigidae (Typical Owls)». I del Hoyo, J.; Elliot, A. & Christie D. Barn-Owls to Hummingbirds. Handbook of the Birds of the World. Band 5. Barcelona: Lynx edicions. ISBN 84-87334-25-3.
- ↑ Caroline M. Earhart and Ned K. Johnson (1970) "Size Dimorphism and Food Habits of North American Owls" Condor 72 (3): 251-264
- ↑ Kelso L & Kelso E (1936) The Relation of Feathering of Feet of American Owls to Humidity of Environment and to Life Zones Auk 53 (1): 51-56
- ↑ Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2018), eBird/Clements Checklist v2018 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 7. april 2019
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)