Perustraumen, tidlegare kalla Humboldtstraumen, er ein kald, saltfattig havstraum som renn nordvestover langs vestkysten av Sør-Amerika frå sørenden av Chile til det nordlege Peru. Han er ein austleg grensestraum som renn mot ekvator og strekkjer seg om lag 1000 km utover i havet. Humboldtstraumen var kalla opp etter den prøyssiske naturforskaren Alexander von Humboldt, og økoregionen er eit av dei store oppvellingssystema i verda med eit særs rikt dyreliv. Oppvellinga føregår utanfor kysten av Peru året rundt, men utanfor Chile berre om våren og sommaren, fordi det subtropiske høgtrykket flyttar seg sørover om sommaren.

Perustraumen

Økosystemet i Perustraumen er eit av dei mest produktive marine økosystema i verda, samt det største oppvellingssystemet. Den store primære og sekundære produksjonen gjer ormådet til det største fiskeområdet i verda. Om lag 18-20 % av all fiskefangst i verda kjem frå denne økoregionen. Artane er hovudsakleg pelagiske med sardinar, ansjos og taggmakrell, men andre viktige fiskeressursar og sjøpattedyr finst her òg. Pingvinar følgjer det kjølige vatnet helt til Galapagosøyane. Det kalde, næringsrike vatnet som vert ført til overflata av oppvellinga, driv den særs høge produktiviteten i systemet.

Den kalde Perustraumen og vindskjeret han skapar[1] hindrar danninga av tropiske syklonar i området.
(Syklonar verda over, 1945–2006.)

Periodevis vert oppvellingssystemet som driv produktiviteten forstyrra av El Niño-hendingar. Når dette skjer vert det så mykje mindre fisk i området at det får store konsekvensar sosialt og økonomisk. Desse hendingane har ført til trinnvise endringar, der sardinar og ansjosar har erstatta kvarandre periodisk som den dominerande arten i økosystemet. Endringar for desse artane kan ha negative følgjer for fiskeindustrien og for økonomien i landa som fiskar i systemet.

Perustraumen har ein tydeleg avkjølande effekt på klimaet i Chile, klimaet i Peru og klimaet i Ecuador. Det er òg i stor grad denne straumen som gjer at Nord-Chile, kystområda av Peru og Sør-Ecuador er så tørre. Havlufta vert avkjølt av straumen og hindrar danninga av nedbør, sjølv om ein kan få skyer og tåke.

Kjelder endre