Pessebåten er ein kanoliknande stokkebåt som blei funnen i Pesse i Nederland i midten av august i 1955. Han blir rekna som den eldste båten i verda og er tidfesta med karbondatering (C14) til perioden 8040–7510 f.Kr.[1] Båten er no ved Drents Museum i Assen.

Pessebåten

Skildring

endre

Pessebåten er ein kanoliknande stokkebåt som måler 298 cm i lengd og 44 cm i største breidd.[2] Han blei utforma frå ein enkelt furustokk og er nærast butt i begge endar. Det er framleis merke i treverket som indikerer bruk av flint- eller hornreiskapar under omarbeidinga av stokken.

Tvistar

endre

Ikkje alle har vore samde i at Pessebåten er ein verkeleg båt. Nokon har hevda at funnet kan vera noko anna, til dømes eit etetrau eller liknande for dyr. Danske ekspertar sette spørsmålsteikn ved om den vesle båten i det heile var sjødyktig, Derfor laga arkeologen Jaap Beuker ein kopi av båten, som ein kanopadlar (Mark Jan Dielemans) padla i med suksess.[3] At båten skulle vera eit slags etetrau er blitt avvist av dei nederlandske arkeologane, som har hevda at ein ikkje heldt husdyr i Nederland for 10 000 år sidan.

Kjelder

endre
  1. «Oudste bootje ter wereld kon werkelijk varen». Leeuwarder Courant. ANP. 12. april 2001. Henta 17. juni 2012. 
  2. Wierenga, Jan (12. april 2001). «Kano Van Pesse Kon Echt Varen». Nieuwsblad van het Noorden. Henta 17. juni 2012. 
  3. «Oudste bootje ter wereld kon werkelijk varen». Leeuwarder Courant. ANP. 12. april 2001. Henta 17. juni 2012.