Petar Metličić (fødd 25. desember 1976) er ein kroatisk tidlegare handballspelar frå Split. Han vart verdsmeister 2003 og olympisk meister 2004 med Kroatia sitt landslag. Åra 2006, 2008 og 2009 var han med å sikre Ciudad Real sigeren i EHF-meisterligaen, tidlegare vann han i 2000 EHF-cupen for RK Metković. Metličić vart cupmeister i fire land og seriemeister i to. Han var rykkromspelar.

Petar Metličić
Statsborgarskap Kroatia
Fødd 25. desember 1976 (47 år)
Split
Idrett handball
Tok del i

Håndball under Sommer-OL 2008, Håndball under Sommer-OL 2004, Handball-VM 2003 for menn

Karriere

endre

Landslagsspel

endre

Metličić var ein sentral spelar i det kroatiske mannskapet som frå 2003 hevda seg i verdstoppen i internasjonal handball. Han var både ein framifrå skyttar og ein sterk forsvarsspelar. Både under VM 2003 og OL 2004 møtte laget Tyskland til finalekamp, og i begge kampane drog Kroatia av med den største pokalen. Sidan var han med å ta Kroatia til finalen i såvel VM 2005, som i EM 2008 og VM 2009. I desse oppgjera måtte Metličić nøye seg med sølv. Åra 2001–2009 deltok han i 175 landskampar og skåra 471 mål. Han var kaptein frå 2006 til 2009.

Klubbspel

endre

Metličić byrja spele på RK Metković i 1998, eit lag han vann EHF-cupen 2000 med. Frå 2002 gjorde han i tre sesongar teneste i spanske Ademar León, der han i 2005 var med på å gå til topps i cupvinnarcupen. Der etter spelte han på det sigerrike Ciudad Real-laget som lukkast triumfere i meisterligaen i 2006, 2008 og 2009. Sommaren 2010 flytta Metličić til RK Celje. Han la opp etter å ha spelt for Montpellier AHB i 2012/13-sesongen. I begge desse landa, Slovenia og Frankrike, lukkast han verte nasjonal cupmeister.

Merittar

endre

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Petar Metličić