Opna hovudmenyen

Pete Best (fødd 24. november 1941 Madras i Britisk India) er ein britisk musikar, mest kjend som den opphavlege trommeslagaren i The Beatles.

Pete Best
Pete Best drumming.jpg
Pete Best speler trommer i 2006
Fødd24. november 1941
Madras i India
FødestadChennai
FødenamnRandolph Peter Best
OpphavLiverpool i England
Aktiv1959 – 1968,
1988 – til i dag
SjangerRock and roll, rock
InstrumentTrommer
Tilknytte artistarThe Beatles
The Pete Best Band
Verka somMusikar, embetsmann, låtskrivar,

Etter dei flytta frå India til Liverpool i 1945, starta mor hans, Mona Best, The Casbah Coffee Club i kjellaren i huset til Best i Liverpool. Kafeen vart særs populær og The Beatles (då kjend som The Quarrymen) spelte nokre av dei første konsertane sine her. Best spelte her først med bandet sitt The Black Jacks, og seinare med The Beatles.

Best vart med The Beatles den 12. august 1960, berre dagen før dei reiste til Hamburg for å halde konsertar. Han vart invitert etter at dei hadde sett Best spela med The Blackjacks i The Casbah Club i Liverpool.[1]

Pete Best vart sparka frå gruppa to år seinare, den 16. august 1962, men fekk aldri vite den eksakte årsaka til dette. Det kan ha vore at han ikkje passa inn stilmessig. Han arbeidde seinare som embetsmann i 20 år, før han starta The Pete Best Band.

KjelderEndra