The Quarrymen
The Quarrymen er eit engelsk skiffleband som vart starta i Liverpool mot slutten av 1956 av John Lennon og fleire skulekameratar. Namnet på bandet var inspirert av Quarry Bank High school, som Lennon og andre bandmedlemmer gjekk på. Mor til Lennon, Julia Lennon, lærte Lennon og Eric Griffiths korleis å stemme gitaren på same måte som ein banjo og lærte dei enkle akkordar og songar.
The Quarrymen | |||
| |||
Alias | The Quarry Men | ||
---|---|---|---|
Opphav | Liverpool i England | ||
Aktiv | 1956–1959 1993–til i dag | ||
Sjanger | Skiffle Rock and roll | ||
Tilknytte artistar | The Beatles | ||
Plateselskap | Griffin Music, Apple Records | ||
Medlemmer | Rod Davis (banjo/gitar) Len Garry (vaskebaljebass) Colin Hanton (trommer) John Duff Lowe (piano) | ||
Tidlegare medlemmer | John Lennon (vokal/gitar) Eric Griffiths (gitar) Pete Shotton (vaskebrett) Bill Smith (vaskebaljebass) Paul McCartney (vokal/gitar) George Harrison (vokal/gitar) |
Etter å ha starta bandet The Blackjacks, foreslo Pete Shotton å endre namnet til The Quarrymen, etter ei linje i skulesongen til Quarry Bank. The Quarrymen spelte på festar, skuledansar, ein kino og på skifflekonkurransar for amatørar før Paul McCartney kom med i bandet. George Harrison kom berre med i bandet fordi McCartney insisterte, sidan Lennon meinte Harrison var altfor ung. Den første innspelinga deira var «That'll Be the Day» (av Buddy Holly) og «In Spite of All the Danger» (av McCartney og Harrison).
Etter at Stuart Sutcliffe kom med i bandet, foreslo han å endre namnet til The Beatles, men dei vart først The Silver Beetles og så The Silver Beats, før dei omsider hamna på The Beatles i 1960. På 40-årsjubileet for det første møtet mellom Lennon og McCartney, kom fem av dei opphavlege bandmedlemmene saman (Griffiths, Shotton, Rod Davis, Len Garry, John Duff Lowe og Colin Hanton) og spelte i lag i Liverpool. Denne utgåva av bandet spelar framleis i lag og har stundom turnear internasjonalt.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «The Quarrymen» frå Wikipedia på engelsk, den 22. februar 2009.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Ray Coleman (1989). Lennon: the definitive biography. Harper. ISBN 0-330-48330-7.
- Davies, Hunter The Quarrymen, (London: Omnibus Press, 2001)
- Harry, Bill The Ultimate Beatles Encyclopedia, (London: Virgin Publications, 1992)
- Barry Miles (1997). Many Years From Now. Vintage-Random House. ISBN 0-7493-8658-4.
- Shotton, Pete og Shaffner, Nicholas John Lennon—In My Life, (New York: Stein og Day, 1983)
- Spitz, Bob (2006). The Beatles: The Biography. Little, Brown and Company (New York). ISBN 1-84513-160-6.
- Wheeler, Scott(2005), Charlie Lennon: Uncle To A Beatle, (Boulder, Colorado: Outskirts Press, 2005)