Peter Bakkejord
Peter Marthinus Pedersson Bakkejord (17. mai 1852–26. september 1925) var ein norsk fiskar, gardbrukar og stortingsmann frå Ankenes i Nordland. Han var medlem av Venstre.
Peter Bakkejord | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 17. mai 1852 |
Død |
26. september 1925 (73 år) |
Yrke | politikar |
Språk | norsk, kvensk, nordsamisk |
Politisk parti | Venstre |
Bakkejord dreiv fiske i Lofoten og på Finnmarka til kring 1880. Han tok då over farsgarden i Ankenes, dreiv i tillegg som snikkar og tømrar. Han var medlem av heradsstyret i 26 år, i fleire år var han varaordførar. Elles var han medlem av åstadsforlikskommisjonen og i mange år var han rettstolk i samisk og kvensk språk. Han var medlem av bygnings- og reguleringskommisjonen for den nye byen Narvik, åra 1898-1902 var han branndirektør for byen.
Bakkejord var einmannskrinsen Nordre Salten sin representant på Stortinget 1906-12. I begge dei to tingbolkane var han medlem av tollkomiteen, i den siste, 1910-12, også av Lagtinget.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914