Peter Edvard Vorum

norsk politikar

Peter Edvard Vorum (4. oktober 188424. april 1970) var ein norsk lærar og stortingspolitikar for Arbeidarpartiet.

Peter Edvard Vorum

Fødd4. oktober 1884
Sparbu
Død24. april 1970 (85 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet, Arbeiderdemokratene, Nasjonal Samling (1940; 1945)
YrkeLærar
Utdanna vedLevanger lærerhøgskole
Alle verv

Vorum vart fødd ved Steinnes i Sparbu som son av gardbrukar Christoffer Olsen Vorum (1843–1915) og Karoline Elvine Ertsaas (1855–1890). Han gjekk på Ogndal folkehøgskule frå 1901 til 1902 og vart uteksaminert ved Levanger lærarskule i 1905. Etter dette var han tilsett som lærer ved Falstad skuleheim og ein skule i Egge i 1905, og sidan ved ein skule i Andenes frå 1906 til 1909. Frå 1910 var han tilsett ved ein skule i Ytre Rendal, og vart vald som ordførar ved Ytre Rendal heradstyre gjennom sju periodar frå 1913 til 1934. I 1929 vart han tilsett som fylkesrevisor for Hedmark i 1929, og i perioden 1931 til 1933 var han formann i fylkestinget.

Vorum vart vald inn på Stortinget som 5. representant etter valet i 1933 frå valkretsen Hedmark fylke, der han fungerte som medlem av kyrkje- og skulekomiteen. Han vart attvald ved valet i 1936, og var òg då medlem av kyrkje- og skulekomiteen. Under okkupasjonen av Noreg melde han seg inn i Nasjonal Samling og vart rådmann for Åmot i perioden 1941 til 1945, og dessutan skuledirektør frå 1944. Vorum vart den einaste frå Den parlamentariske gruppa til Arbeidarpartiet frå 1936 som melde seg inn i partiet.[1] Under landssvikoppgjeret vart han sikta for forræderi og i september 1948 vart han dømd til fem års tvangsarbeid og dessutan tap av lærarstillinga. Vorum døydde i april 1970 i ein alder av 85 år.[2]

Stortingskomitear endre

  • Kyrkje- og skulekomiteen 1934–1936 og 1937–1945

Referansar endre

  1. Pryser, Tore (1991). Arbeiderbevegelsen og Nasjonal Samling. Oslo: Tiden. s. 99. ISBN 82-10-03346-8. 
  2. Avbildet gravsten av «Peter Edvard Vorum» hos DIS-Norge. (Besøkt 16. oktober 2011)