Opna hovudmenyen

Peter Karl Eberg Pedersen (fødd 19. september 1852 i Mekila i Trondenes, nåverande Harstad kommune, død 20. mai 1882), var lærar, norskdomsmann, folkehøgskolemann, avismann og forfattar.

Peter Karl Eberg Pedersen
Fødd 19. september 1852
Død

20. mai 1882

Yrke skribent

Liv og virkeEndra

Peter Karl Eberg Pedersen vaks opp mellom småkårsfolk i eit miljø som var rikt på forteljekunst, segner og soger, og dette blei ei rik kjelde for diktekunsten hans.

Lærehugen vakna tidleg hos Eberg, som han kalla seg, og i 17-18-årsalderen kom han seg til Bentsen og Foosnæs’ folkehøgskole i Stjørdalen. I 1871 blei han tatt opp ved Tromsø Seminarium, der han blei uteksaminert to år seinare. På seminaret gjekk Eberg i same klasse som Jens Riksheim, og i klassen under gjekk Ananias Brune og Leonhard Næss. Alle blei ivrige norskdomsmenn. På seminaret tok målmannen og diktaren til å blomstre, og Eberg fekk trykt fleire eventyr og dikt i lokalavisene, både på landsmål og dansk-norsk. Eberg var den første nordlendingen som skreiv landsmål mens han gjekk på Tromsø Seminarium.

Frå januar til mai 1874 var Eberg lærar i Bardu før han tok over eit lærardistrikt på Austvågøya i Gimsøy skolekommune i Lofoten. Her var han til april 1878 da han blei lærar på ein privatskole i Sandnessjøen. Etter eit kort opphald her starta han ein friskole for barn i Mosjøen, men frå like før juli 1878 til utpå våren 1879 var han ein av lærarane på Arvesen og Ullmanns folkehøgskolekurs på Bjørge i Seljord i Telemark.

Sommaren 1879 vendte Eberg tilbake til Vefsn. Om hausten starta han eit folkehøgskolekurs for vaksne gutar på Fokstad, og på nyåret 1881 tok han til med eit jentekurs på Alsgård. Både i Seljord og Vefsn øvde han elevane i fleirstemt song, noko som blei hugsa lenge.

Om søndagane heldt Eberg ofte foredrag om religiøse og folkelege emne, og det kom mange som ville høyre på den gode talaren. Sommaren 1880 var Eberg med på å stifte ”Nordlands Folkeblad” i Mosjøen, og 7. juli kom avisa ut med sitt første nummer og med Eberg som redaktør. ”Bladet skal være et Oplysningsblad, særlig for og frå disse nordligere Landsdele, styret i frisindet Aand paa vor kristelige Erkjendelses Grund”, heitte det i programartikkelen til bladet.

På nyåret 1881 drog Eberg til Kristiania for å studere. For å livnære seg måtte han skrive i ulike blad. Han skreiv reportasjar og meiningsytringar både om målsak, litteratur og andre aktuelle spørsmål. Eberg skreiv blant anna tre segnerdialekt i samband med eit ordskifte i Stortinget om å omsette Bibelen til landsmål. Han fekk også trykt kortare og lengre prosaforteljingar i avisene.

I 1881 gav Eberg ut den lyriske diktsyklusen ”Anna Roggløy”. Boka fekk god mottaking i avisene. Nordlands Folkeblad skreiv: ”Anna Roggløy er det første arbeide, den unge forfatter fremlægger for almenheden, og denne debut vidner om et umiskjendeligt talent og giver løfte, om at nærværende sangkrans vil følges af flere.”

Eberg sleit i Kristiania. Han lånte pengar av Ivar Aasen, og han fekk økonomisk stønad av vennen Leonhard Næss. Anders Hovden delte ei stund hybelen sin med Eberg. Men så blei Eberg lagt inn på Rigshospitalet for å bli operert for tæring som han hadde vore plaga med fleire gonger.

”Det umiskjendelige Talentet”, som ei avis kalla Eberg, slokna i sjukesenga på Rigshospitalet 20, mai 1882.

UtgjevingarEndra

  • Anna Roggløy, Nils Lunds Forlag, Kristiania, 1881.

Minnesmerke og nydiktingEndra

Rundt 1980 laga kunstnaren Scott Thoe eit måleri av Petter Karl Eberg Pedersen. Måleriet som er laga på grunnlag av eit portrettfotografi, heng i kjerka Hans Egedes Minne på Elgsnes i Harstad.

Hausten 1988 blei det avduka ei byste av Petter Karl Eberg Pedersen utanfor Statoil-bygget i Mekila i Harstad.

Under Festspela i Nord-Noreg i Harstad i 1990 laga festspelkomponist Synne Skouen ”Balladen om Anna Roggløy” basert på Eberg sin diktsyklus. Hovudrollene blei spelt av Lars Klevstrand, Eivind Bøksle og Anitta Suikkari.

KjelderEndra

  • Anna Roggløy, Nils Lunds Forlag, Kristiania, 1881.
  • Nordlands Folkeblad, Mosjøen, no. 42, laurdag den 22de Oktober 1881, side 2
  • ”Dialektdebatt i Stortinget og svar frå ein Trones-væring.” Av Magne Heide, Harstad Tidende, Harstad, 16. januar 1982.
  • ”Petter Karl Eberg Pedersen 1852-1882: Naud svolt og sjukdom knekte ”en særdeles evnefuld ung Mand””. Av Magne Heide. Harstad Tidende,Harstad, 16. mai 1982.
  • "Petter Karl Eberg Pedersen 1852-1882". Av Magne Heide, Årbok for Harstad, Harstad historielag, 1989.
  • Harstad Tidende, Harstad, 22. juni, 23. juni, 27. juni og 29. juni 1990.