Leonhard Næss
Liv og virke
endreFamilie og oppvekst
endreSigholt Didrik Leonhard Næss blei fødd 20. oktober 1855 i Beiarn. Foreldra var gardbrukar og mangeårig ordførar i Beiarn, Lars Hansen Næss (1820-1894)[1] og Karen Margrete (fødd Steen) (1820-1883)[2] frå Tollå. [3]
Leonhard Næss hadde fem søsken som vaks opp.[4]
Næss blei konfirmert i 1870, og 14. juli 1886 blei han gift med Elise Amble (1852-1942) som var fødd på gården Vevelstad.
Far hennes var sakførar Ole Amble (1820-1909), han var fødd i Drammen. I 1848 kjøpte han bnr 12/1 Vevelstad. I 1876 blei Amble fogd (fut) i Søndre Helgeland, og han selte då garden på Vevelstad til svigersonen Johan Jørgensen (som seinare tok namnet Falch). Amble flytta til fogde-(fute-)garden Søvik bnr 8/1 i Alstahaug.
Mora til Elise var Ida Thomine Fredrikke (f. Hansen) (1827-1903), ho var fødd i Kristiania. Ho var dotter til sorenskrivar Frederik Christian Hansen (1799-1864) og Albine Elise Fougner (1801-1846).
Leonhard og Elise hadde fem born:[5]
- Eva (1887-1964)
- Tordis (1888-1928)[6]
- Olaug (1890-1983)
- Rannveig (1893-1918)
- Leif (1896-1974)
Arbeidsår i Nordland
endreSame året som Næs blei konfirmert, kom han i huset til sokneprest Gustav Janke på Dokmo i Beiarn,[7] og her las han i to år.
I 1872 kom Næs inn på Tromsø Seminarium, og her gjekk han ut i 1874. Frå 1874 til 1875 var Næss vikarierande lærar og kyrkjesongar i Vik på Helgeland, mens Sivert Nielsen var på Stortinget. Deretter var han huslærar hos sokneprest Gustav Janke i Beiarn frå 1875 til 1877.[7]
Studieår 1877-78 og 1880-85.
endreI 1877 var Næss elev ved Maribogatens latin- og realskole i Kristiania, og i 1878 tok han mellomskoleeksamen.
Sommaren 1878 var Næss huslærar hos lensmann Hågen Olsen i Gildeskål, og frå hausten 1878 til utgangen av skoleåret 1879-80 var han lærar og styrar av Sandnessjøens privatskole. Det var her han blei kjent med Elise Amble, som var dotter til sorenskrivar Ole Amble.
Skoleåret 1880-81 var Næss elev ved Arnebergs artiumskursus i Kristiania, og han tok examen artium i 1881.
Næss tok examen philosophicum i 1882 og teologisk embetseksamen i desember 1885.
Lærarår 1886-1891
endreFrå nyttår 1886 til utgangen av skoleåret var Næss lærar i norsk ved Den Nye middelskole for Piker i Kristiania, og i 1886-87 var han vikarierande tredjelærar ved Asker seminar.
Frå 1887-88 var Næss i Beiarn, her førebudde hans eg til examen practicum, som han tok våren 1888.
Frå 1888 til 1891 var Næss styrar ved Nordhordlands fylkesskole på Os ved Bergen.
Presteår 1891-1927
endre15. juli 1891 blei Næss utnemnt til sokneprest i Bjarkø Prestegjæld.[8] Og 4. oktober 1891 heldt han si første preike i Bjarkøy kyrkje.[9]
Næss blei i februar 1899 utnemnt til prest i Norddalen, 7. mai 1899 heldt han si siste preike i Bjarkøy, og 9. mai 1899 flytta han frå Bjarkøy.[10] Næss var prest i Norddalen frå 1899 til 1905.
2. november 1904 blei Næss utnemnt til residerande kapellan i Elverum, der han var frå 1905 til 1909.[11]
Frå 1909 til 1927 var Næss sokneprest i Vågå.[12]
Næss gjekk av som prest i 1927, deretter budde han i Oslo.
I aprildagane 1940 var Næss evakuert nordover, og i april 1940 døydde han i Ringebu der han blei gravlagt. Hausten 1940 blei kista flytta til Vågå der ho blei sett ned.
Presten
endreLansdmålspresten
endre12.desember 1896 kunne Den 17de Mai melde at Leonhard Næss var mellom dei prestane som brukte landsmål (nynorsk) i preikene sine. Anton Aure (1924) omtalar Leonhard Næss som ein av fleire prestar som nytta nynorsk. Næss var den første presten som nytta nynorsk i Norddal:
- Han hev halde stemnegudstenestor paa nynorsk i Ørskog paa Sunnmøre sumaren 1902 og paa Vaaga 1910 og 1913. (…) Til den nynorske bibelen hev han sett um Jeremia syrgjesonger og Ezekiel. I manuskript hev han tvo bøker um teologiske emne og eit bibelsk drama: Akab og Elija. Han hev også dikta salmar paa norsk.[13]
Presten
endrePå 70-årsdagen fekk Næss dette skussmålet i Den 17de Mai som prest:
- Som prest har Næss alltid forkynt ein ljos og fredsæl kristendom. Det hende nok, serleg i yngre aar, at han kom i strid med sers myrke og trongsynte pietistar. Men uvener har han visst aldri havt, og sjølv kan han ikkje bera illvilje eller agg aat nokon.[14]
Ved valet av ny biskop i Nord-Hålogaland i 1918, blei Leonhard Næss føreslått.[15] Men Næss svarte at han var for gammal for dette, og han føreslo ein annan kandidat.[16]
Ungdoms- og målrørsla
endreI sine unge år var Leonhard Næss ingen målmann. Han fortel om eit diskusjonsmøte på lærarskolen i 1873 der "beiarværingen" latterleggjorde målstrevet. "Sidan, 10 år etter, då eg sjølv hadde huglagt målet, skyna eg det, min bror: Eg hadde ved min uvituge freistnad på spott rive i hjarterøtene dine."[17]
Då Næss tok til å studere i Oslo, var alt Den Nordlandske Forening i sving. Her var han bl.a. redaktør 1885 i bladet Nordlands Trompet som laget gav ut.[18] Næss var med på eit «ungdomsopprør» her i 1886. Han var formann i utbrytarlaget som tok namnet Fembøringen, og det vart ikkje før i 1892 at dei to laga gjekk saman i eit nytt lag, Nordlændingernes Forening. Då hadde Næss flytta nordover til Bjarkøy.[19]
I dei åra Næss var sokneprest i Bjarkøy, var han «eld og glo i alt det frilynte og nasjonale,» som Hans Eidnes skreiv i eit minneord i 1940. Næss var også «sjæla og optaket i Bjarkøy ungdomslag som vart skipa i 1896».[20] Næss brukte også landsmålssalmane til Elias Blix i Bjarkøy-kyrkja.[20]
- Ungdomsrørsla har han vore uppglødd for, og i Norddalen hadde han eit utifraa godt ungdomslag som hadde møta sine paa prestegaarden; heimen hans var som ein folkehøgskule for bygdeungdomen.[21]
Næss var med på å skipe det første ungdomslaget i Norddalen, Ul "Dag" i 1899, men då han forlèt i 1899 stoppa laget opp. Mens Leonhard Næss var prest i Norddalen, kom han også med i styret i Møre og Rauma maallag.[22]
I Elverum kom Næss også med i ungdomslagsrørsla, og han var bl.a. formann i Hernes ungdomslag.[23]
Næss blei også nytta mykje som stemnetalar på ungdomslagsstemne.
«Han har stødt vore vinstremann, og serleg medan han var i Bjarkøy, var han sterkt med i politikken.»[24]
Forfattarskap
endreDå målbladet Den 17de Mai tok til å komme ut i 1894, var Næss mellom dei som stødde bladet. Han var også flittig skrivar i bladet, både med dikt og ymse forteljingar. Næss skreiv også i Norsk Barneblad og Symra – Blad for ungdomen.
I 1893 hadde Næss eit lesestykke i Garborg og Mortensens lesebok.
I 1904 skreiv Næss boka Gamle Torbjørn som blei trykt i Den 17de Mai.
I 1907 skreiv Næss ei bok om Verdsens ende og tusundaarsrike.
Leonhard Næss var blant dei første som i 1891 tok til å omsetje delar av Det gamle testamentet til landsmål. Og på oppmoding frå Studentmållaget omsette Næss i 1917 til landsmål Jeremia, Syrgjesongar og Ezekiel, som kom i den første Bibelen på landsmål.[25] [26]
Då Nynorsk salmebok skulle reviderast i 1925-25, blei Næss vald inn i komitéen som stod for denne revisjonen.[27]
Leonhard Næss skreiv også salmar, og to av salmane hans var med i Nynorsk salmebok (1929): Nr 311. "Du Gud, som bur i ljosens salar.", nr 401 "Du Herre, skal vera hyrding min", og nr 475: "Å segja verdi rett farvel".[28]
Næss har også omsett fleire tekstar frå norrønt.
Næss var også interessert i lokalhistorie, og då Hålogaland historielag blei skipa i 1920, var han mellom dei som underskreiv eit opprop om å skipe laget, og han leverte også artiklar til dei første årgangane. Næss var ein ivrig folkeminnesamlar, og han skreiv fleire stykke frå Beiarn i Håløygminne.
Næss skreiv i 1885 eit dikt på beiarmål, ""Snérren", ei Sejarsaag utor Bejaren."[29] Han samla også fleire songar frå heimbygda.
Næss skreiv også lokalhistoriske artiklar frå Vågå, og han meldte ei rekke bøker i avisene. Han deltok også i ordskifte i avisene.
Litteratur
endreLengre tekstar
endre- Norsk Maaltavla, (8 sider), Mons Litleré, Bergen 1891
- Gamle Torbjørn, Forteljing, Utklipp og serprent av Den 17de Mai, (158 sider), Kristiania 1904
- Verdsens ende og tusundaarsrike, (158 sider), Norli, Kristiania, 1907
- Lilja, (31 sider), omsett av Leonhard Næss, i: Olaf Hanssen (red.): Norrøne kristenkvæde, Oslo 1928.
- Sumt om eit dalafolk, Håløygminne 1920-24,
- Brigde i namneskikk, Håløygminne nr 3-4, 1921 (1920-24)
- I kveldsæta, Håløygminne nr 4, 1922 (1920-24)
- Han Grotaa-Jo, Håløygminne nr 11, 1922 (1920-24)
- Tri folkeslag, Håløygminne nr 36, 1932 Norske stadnamn, Håløygminne nr 44, 1934
- Gildeskål, Håløygminne nr 63, 1938
Salmar i Nynorsk Salmebok
endre- 311. "Du Gud, som bur i ljosens salar."
- 401 "Du Herre, skal vera hyrding min"
- 475: "Å segja verdi rett farvel".
Artiklar i Syn og Segn:
endre- Tvo preikor frå gamalnorsk, Syn og Segn 1930
Salmar og songar på landsmål:
endre- Jolesong , Norsk Barneblad nr. 18, 1896
- Julesalme (dansk-norsk), Tromsø Stiftstidende, Tromsø, 24de December 1897
- Jesu atterkoma, Den 17de Mai, 6. April 1898
- Aa seia verdi rett farvel, Den 17de Mai, 2. Mai 1898
- Ei helsing til den frilynde ungdomen fraa Leonhard Næss, Agder, Flekkefjord , torsdag 7. juli 1904
- Tusundaarsrike, Den 17de Mai, 20. November 1899
- Kor Norig løner skaldane sine, Sogns Tidende, 6te Juli 1904
- Jolesong, Dagbladet, fredag 23. December 1904
- Joledag, Dagbladet, torsdag 24. December 1908
- I sut for verdsens god og gull, Den 17de Mai, 21. september 1916
- Kyrkja ho er eit gamalt hus, Den 17de Mai, 4. april 1919
- Fridom betre er enn gull, Den 17de Mai, 16. april 1919
- Olavskvæde, Gudbrandsdølen 21. juli 1921
- Hjelp Austheimsønene, Austland 1. februar 1923
- So lagde du ned din ferdastav, Gudbrandsdølen 5. januar 1925
- Evang. Mark. 10, 17-27 (Det var den rike guten), Gudbrandsdølen, 10. oktober 1925
- Bibelsalme 118 (Pris Herren! Berre han er god); Den 17de Mai, 30. desember 1932
Artiklar:
endre- Olavslegendor, Den 17de Mai, 29. august 1931 (og fleire nr)
Andre tekstar:
endre- Sogespelet Akab og Elija, i Norsk jol, 1932
Kjelder
endre- ↑ Ministerialbok for Beiarn prestegjeld, Beiarn sokn 1887-1901 (1839P) [1]
- ↑ Ministerialbok for Beiarn prestegjeld 1872-1886 (1839P)[2]
- ↑ Folketelling 1865 for 1839P Beiarn prestegjeld [3]
- ↑ M.B. Hansen m.fl.: Slektsbok for Beiarn (1979), side 294 [4]
- ↑ Folketelling 1900 for 1524 Norddal herred [5]
- ↑ Den 17de mai, torsdag 31. august 1911[6]
- ↑ 7,0 7,1 Folketelling 1875 for 1839P Beiarn prestegjeld [7]
- ↑ Morgenbladet, onsdag 15. juli 1891 [8]
- ↑ SATØ, Sand/Bjarkøy sokneprestkontor, I/Ia/Iaa/L0003kirke: Ministerialbok nr. 3, 1878-1892, s. 235, [9]
- ↑ Den 17de mai, onsdag 31. mai 1899 [10]
- ↑ S.H. Finne-Grøn: Elverum, en bygdebeskrivelse, side 132. Kristiania 1921 [11]
- ↑ Anders Skrede: Vågåkyrkja og Vågåkyrkjegarden, Vågå historielag, 1964, side 37 [12]
- ↑ Anton Aure: Prestar som talar nynorsk : stutte livssogor med ei innleiding um norsk maal i kyrkja, Risør 1924, side 60
- ↑ Den 17de Mai 19. oktober 1925
- ↑ Den 17de Mai, 7.mai 1918
- ↑ Den 17de Mai, 16. mai 1918
- ↑ Arthur Brox (skriftstyrar): Mållaget "Heimhug" Troms lærarskule, 1898-1923. Festskrift utgjeve av laget til 25 årshøgtida. Troms 1923. side 22-27.
- ↑ Norske tidsskrifter : bibliografi over periodiske skrifter i Norge inntil 1920, Oslo, 1940, side 138, [13]
- ↑ Nils A. Ytreberg: Vær hilset! : Nordlændingernes forening, 1862-1962, Oslo 1962, side 33-38.
- ↑ 20,0 20,1 Haalogaland, 2. november 1925
- ↑ Den 17de Mai 19. oktober 1925
- ↑ Den 17de Mai, laurdag 3. mars 1900 [14]
- ↑ Breidablikk, Elverom, torsdag 4. februar 1909 [15]
- ↑ Den 17de Mai 19. oktober 1925
- ↑ Anton Aure: Prestar som talar nynorsk : stutte livssogor med ei innleiding um norsk maal i kyrkja, Risør 1924, side 60, [16]
- ↑ Næss' bibeltekstar kan du finne her: [17]
- ↑ Utgreiinga blei trykt i Syn og Segn 1926, side 162ff [18]
- ↑ Nynorsk salmebok : for kyrkja og heim og møte, Bjørgvin 1925 [19]
- ↑ Fedraheimen, onsdag 22. april 1885[20]
- ↑ Nettstaden til Håløygminne: Leonhard Næss [21]