Peter Kjeldseth Moe
Peter Kjeldseth Moe (18. mai 1909–30. juni 1973) var ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Han var fødd i Ørsta, utdanna seg som jurist og arbeidde som sakførar i Ørsta.
Peter Kjeldseth Moe | |
Fødd | 18. mai 1909 |
---|---|
Død | 30. juni 1973 (64 år) |
Statsborgar av | Noreg |
Parti | Arbeidarpartiet |
Yrke | politikar, advokat |
Han var ordførar i Ørsta i periodane 1945-1947 og 1948-1951.
Han vart vald inn på Stortinget for Møre og Romsdal i 1957, og vart attvald i 1961, 1965 og 1969. Han hadde vore varamedlem i perioden 1954-1957. Han møtte då som vararepresentant medan Ulrik Olsen var statsråd. I juli 1956 døydde Anton Ludvig Alvestad, og deretter møtte Peter Kjeldseth Moe fast for resten av valperioden. For Ulrik Olsen møtte deretter vararepresentanten Arnfinn Severin Roald.
Peter Kjeldseth Moe døydde i 1973 rett før slutten av den siste valperioden hans. Oskar Edøy møtte på Stortinget deretter.