Opna hovudmenyen

Peter Lely, opphavleg Pieter van der Faes (14. september 161830. november 1680) var ein nederlandsk-engelsk kunstmålar.

Peter Lely
Peter Lely, by Peter Lely.jpg
Fødd 14. september 1618
Soest
Død

30. november 1680
Covent Garden

Sjanger portrett
Yrke kunstmålar, kunstnar

Liv og gjerningEndra

 
Sjølvportrett, ca. 1660
 
To damer av Lake-familien, ca. 1650

Han var frå Utrecht, namnet Lely tok han tidleg etter ei lilje utanfor barndomsheimen i Haag. Lely studerte i Haarlem og reiste til England omkring 1641. Her måla han landskapsbilete og historiemåleri.

Etter nokre få år i England byrja han å konsentrere seg om portrettkunst. Verka hans vart med tida påverka av målestilen til Anthonis van Dyck, ein annan utvandra nederlendar. Samanlikna med denne nyttar han seg av kraftigare penselføring, sterkare fargar og sinnsstemning. Lely måla portrett av medlemer av den engelske kongefamilien og av andre mektige personar i det samtidige England. Mellom anna portretterte han begge kongane Karl I, Karl II og Oliver Cromwell. Særleg er han kjend for måleria frå det luksuriøse hoffet til Karl II.

Lely dreiv ein større målarverkstad og skal ofte ha måla berre hovudet av figurane i verk som han signerte. Han vart adla (knight) i 1680, kort etter døydde han i Covent Garden, den seinare bydelen i London.

KjelderEndra

  • Aschehougs kunsthistorie. Bind 4 Kunstleksikon

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedia som gjeld: Peter Lely