Peter Moe

Peter Johan Moe (30. oktober 182720. juli 1911) var ein kjøpmann, fabrikkeigar, skipsreiar og stortingsmann frå Kristiansand. Ole Pedersen Moe var far hans.

Peter Moe
Fødd 30. oktober 1827
Kristiansand
Død

20. juli 1911 (83 år)
Oddernes

Yrke politikar, kjøpmann

Moe utdanna seg til handelsmann, mellom anna var han to år i Hamburg. Sidan slo han seg ned i fødebyen som kjøpmann, fabrikkeigar, verftseigar og skipsreiar. Han var medlem av bystyret frå 1861 til -88 og styremedlem i Noregs Bank. Elles var han sparebankdirektør i 20 år.

Moe var 2. representant frå Kristiansand på Stortinget 1883-85. Han var medlem av jarnbanekomiteen, i 1883 også av traktatkomiteen. Moe slutta seg til Venstre då partiet vart danna. Før valet i 1885 baud han seg fri for attval.

Han døydde på garden Sommerø i Oddernes i 1911, ein gard som han hadde arva etter far sin.

KjelderEndra