Ellingsøya er den nordlegaste øya i Ålesund kommune. Ho har vegsamband med Valderøya i Giske kommune og Nørvøya i Ålesund gjennom undersjøiske tunnelar i vest. I aust har ho òg brusamband med fastlandet over Taftasundet.

Ellingsøya
Geografi
Stad Sunnmøre
Koordinatar 62°30′00″N 06°18′12″E / 62.50000°N 6.30333°E / 62.50000; 6.30333

Areal 28 km²
Lengd 16 km

Høgaste punkt Myklebosthornet (329 moh.)

Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Møre og Romsdal

Det ligg mange industriverksemder innan skipsutstyr og sjømat på øya.

Ellingsøya er den minst folkerike av dei sju bydelane i Ålesund, med eit innbyggjartal på om lag 2 000 menneske. Folketalet var venta å auke etter at det i 2009 skulle bli gratis ferdsel til resten av Ålesund gjennom dei undersjøiske tunnelane.

På sørsida ligg Ellingsøyfjorden med mange holmar og på nordsida ligg Grytafjorden.

Ellingsøya har tre barneskular; Grimstad, Vik og Stokke, og ein ungdomsskule; Hoffland. Der er to daglegvarebutikkar.