Peter Snell
Peter Snell (fødd 17. desember 1938) er ein nyzealandsk tidlegare friidrettsutøvar og medisinar. Han vann OL-gull både 800 meter i 1960 og 1964, i 1964 vann han gullmedaljen også på 1500 meter.
Peter Snell | |
Statsborgarskap | New Zealand |
Fødd | 17. desember 1938 Opunake |
Død |
12. desember 2019 (80 år) |
Yrke | mellomdistanseløpar, friidrettsutøvar |
Språk | engelsk |
Høgd | 179 centimeter |
Peter Snell på Commons |
Aktiv
endreSnell høyrde ikkje til favorittsjiktet før sommar-OL 1960 i Roma. Ei heller etter han i forsøksløpa vann sitt heat på 1.48,1, ny landsrekord. Derimot imponerte han i semifinalane, der han i sitt heat forbetra landsrekorden til 1.47,2 og viste verdsrekordhaldaren Roger Moens til andreplass. Dei same to utøvarane kjempa i fyrste rekke om gullmedaljen i finalen, og atter slo Snell Moens med to tidels sekund; 1.46,3 mot 1.46,5.
Den 3. februar 1962 forbetra Snell verdsrekorden på 800 meter med over eitt sekund til 1.44,3 under eit stemne i Christchurch. Seint på året 1962 vann han i Perth begge mellomdistansane i samveldeleikane.
Framom dei olympiske sommarleikane i Tokyo i oktober 1964 forbetra Snell den personlege rekorden på 1500 m til 3.37,6, ei tid i ypparste verdsklasse. I Tokyo vann så Snell gullmedaljen på fyrst 800 meter, og fem dagar seinare, 1500 m, ein dobbelttriumf ingen hadde greidd på 40 år.
Snell la opp som friidrettsutøvar i 1965. Han utvandra til USA i 1971 og utdanna seg til idrettsmedisinar, busette seg etterkvart i delstaten Texas.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Peter Snell» frå Wikipedia på engelsk, den 7. oktober 2014.