Petter Furberg

norsk politikar

Petter Furberg (15. desember 192322. juni 1999) var ein norsk arbeidar og stortingsrepresentant frå Sande i Vestfold. Han møtte på Stortinget i tida 1969 til 1981, vald for Arbeidarpartiet.

Petter Furberg
Fødd15. desember 1923
Sande kommune
Død22. juni 1999 (75 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
Alle verv

Furberg var son til ein garvar. Sjølv var han i 1941-42 jord- og skogbruksarbeidar i Sverige. Frå 1943 til 1946 arbeidde han i den norske handelsflåten. Etter radiotelegrafisteksamen i 1948 fekk han jobb på Jan Mayen i eitt år, 1949-50, også i 1957-58 var han Jan Mayen, då som styrar av stasjonen. Tida 1950-52 var han akkumulatorarbeidar, deretter tilsett ved Marinens hovedverft i Horten, der han var både støyperiarbeidar, kranførar og arbeidsstudiemann. Frå 1965 var han kalkulatør ved Marinens hovedverft.

Furberg var medlem av bystyret i Horten i tida 1953-71. Hausten 1969 vart han vald til å representere Vestfold fylke og Arbeidarpartiet på Stortinget. Gjennom to attval vart han verande tingmann i tolv år. Valbolken 1969-73 var han medlem i Landbrukskomitéen. Frå 1973 til 1981 hadde han sete i Justiskomitéen, som sekretær frå januar 1976 til september 1977 og nestformann oktober 1977 til februar 1981. Rokeringar då Gro Harlem Brundtland danna si fyrste regjering, førte til at han vart sekretær i same komite dei siste månadene på Stortinget.

Frå 1981 til 1990 var Furberg riksrevisor og leiar av Riksrevisjonen. Han døydde i Horten.

Kjelder endre