Peuce var i antikken ei øy som låg nær ein av munningane til Donau i Donaudeltaet i det som i dag er den rumenske delen av Dobrudja. Namnet kjem frå det gamle greske ordet peuke, 'furu'. Øya var om lag like stor som Ródos.

Peuce
øy
Land  Romania
Kart
Peuce
45°04′00″N 28°45′00″E / 45.066666666667°N 28.75°E / 45.066666666667; 28.75

Det var her Triballi-kongen Syrmus søkte tilflukt då han vart jaga av Aleksander den store. Aleksander førte skip til Donau som han skulle nytta i eit åtak på øya, men på grunn av kraftig straum i elva, bratte breidder og hard motstand klarte han ikkje dette. Til slutt reiste makedonarane frå øya og kryssa i staden innover i området til Getae.[1]

Ein del av det mektige Bastarnae-folket (truleg ei blanding av germanarar og keltarar) slo seg ned på øya, truleg på 1000-talet f.Kr. og fekk frå øya det alternative namnet Peucini, som òg vert nytta av forfattarar i antikken om Bastarnae-folk som aldri sette foten sin på øya.

Ein meiner at Peuce var fødestatden til Alarik I, kongen av vestgotarane frå 395 til 410.

Peuke må ikkje forvekslast med den nærliggande øya Leuke.

Kjelder endre

  1. Arrian 1.3

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Peuce