Pforzheim er ein by i Tyskland i delstaten Baden-Württemberg med om lag 116 000 innbyggjarar. Byen ligg ved starten av Schwarzwald og er kjend for smykke- og klokkeindustrien. På grunn av dette har han fått kalla namnet «Goldstadt» eller «Gullbyen». Byen ligg mellom byane Stuttgart og Karlsruhe der dei tre elvane Enz, Nagold og Würm renn saman, og markerer grensa mellom Baden og Württemberg, men ligg i området Baden.

Pforzheim
Byvåpen Plassering
Byvåpenet til Pforzheim
Pforzheim is located in Tyskland
Styresmakter
Land
Delstat
Regierungsbezirk‎
Landkreis
Tyskland Tyskland
Baden-Württemberg
Karlsruhe
Kreisfri by
Først nemnd i 1067
Ordførar Gert Hager (SPD)
Geografi
Flatevidd
 - By

98,03 km²
Innbyggjarar
 - By (2012)
   - folketettleik

116 425
  1 188/km²
Koordinatar 48°24′0″N 9°59′0″E / 48.40000°N 9.98333°E / 48.40000; 9.98333
Høgd over havet 261 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 75172–75181
Telefon-retningsnummer 07231, 07234
Bilnummer PF
Heimeside: www.pforzheim.de

Pforzheim er ein kreisfri by, men er samstundes administrativt sete for landkreisen Enz, som ligg rundt byen.

Under den andre verdskrigen vart byen bombardert fleire gonger. Det kraftigaste bombeåtaket, og eit av dei mest øydeleggjande under heile krigen vart utført av Royal Air Force (RAF) kvelden 23. februar 1945. Om lag ein fjerdedel av innbyggjarane, meir enn 17 000 menneske, mista livet, og om lag 83 % av bygningane vart øydelagt. Dei allierte meinte at byen produserte presisjonsinstrument for tyskarane og var eit transportsenter for tyske troppar.

Etter krigen vart all stein og betong frå dei øydelagde bygningane samla i saman i ein stor haug utanfor byen, som òg vart gjort i Stuttgart og München. Ein bygning kalla Wallberg vart reist som eit betonglokk over denne haugen, som etter kvart har vorte dekt av jord og vegetasjon. I løpet av tjue år etter krigen vart Pforzheim gradvis gjenoppbygd og har fått ein meir moderne utsjånad.

Historisk går byen tilbake til romartida og ein busetnad frå om lag år 90 e.kr. I 1080 fekk han byrettar (ty. Marktrecht).

I 1888 var Pforzheim målet for den første bilturen på ein landeveg då Bertha Benz (utan ektemann Carl Benz) tok meg seg dei to sønene sine på ein tur frå Mannheim - ei meir enn 60 km lang reise ein veg.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Pforzheim