Alpine greiner under Vinter-OL 1984

Bjelašnica
Jahorina

Alpine greiner under Vinter-OL 1984 i Sarajevo vart avvikla i tida 13. - 19. februar 1984 og omfatta seks øvingar, likt fordelt for menn og kvinner. Mennene tevla frå fjellet Bjelašnica, medan kvinnene sine øvingar fann stad på Jahorina-fjellet. Begge utfor-tevlingane vart utsett i fleire dagar grunna snøstorm på fjelltoppane.

225 deltakarar frå 42 land var påmeld dei alpine øvingane. Eit par av verdas aller beste alpinistar, Ingemar Stenmark frå Sverige og Hanni Wenzel frå Liechtenstein, vart nekta start av Det internasjonale skiforbundet (FIS) for å ha teke mot reklamepengar direkte, utanom dei nasjonale skiforbunda. Perrine Pelen frå Frankrike var den einaste utøvaren som vann to medaljar; sølv i slalåm og bronse i storslalåm.

MennEndra

SlalåmEndra

Plass Utøvar Land Tid
  Phil Mahre   USA 1.39,41
  Steve Mahre   USA 1.39,62
  Didier Bouvet   Frankrike 1.40,20
4 Jonas Nilsson   Sverige 1.40,25
5 Oswald Tötsch   Italia 1.40,48
6 Petar Popangelov   Bulgaria 1.40,68

Dato: 19. februar
Start: 1563 moh, mål: 1363 moh
Høgdeskilnad: 200 m


StorslalåmEndra

Plass Utøvar Land Tid
  Max Julen   Sveits 2.41,18
  Jure Franko   Jugoslavia 2.41,41
  Andreas Wenzel   Liechtenstein 2.41,75
4 Franz Gruber   Austerrike 2.42,08
5 Boris Strel   Jugoslavia 2.42,36
6 Hubert Strolz   Austerrike 2.42,71

Dato: 14. februar
Start: 1745 moh, mål: 1363 moh
Høgdeskilnad: 382 m


UtforEndra

Plass Utøvar Land Tid
  Bill Johnson   USA 1.45,59
  Peter Müller   Sveits 1.45,86
  Anton Steiner   Austerrike 1.45,95
4 Pirmin Zurbriggen   Sveits 1.46,05
5 Helmut Höflehner   Austerrike
Urs Räber   Sveits 1.46,32

Dato: 16. februar
Start: 2076 moh, mål: 1273 moh
Løypelengd: 3066 m, høgdeskilnad: 803 m


KvinnerEndra

SlalåmEndra

Plass Utøvar Land Tid
  Paoletta Magoni   Italia 1.36,47
  Perrine Pelen   Frankrike 1.37,38
  Ursula Konzett   Liechtenstein 1.37,50
4 Roswitha Steiner   Austerrike 1.37,84
5 Erika Hess   Sveits 1.37,91
6 Małgorzata Mogore-Tlałka   Polen 1.37,97

Dato: 17. februar
Start: 1840 moh, mål: 1670 moh
Høgdeskilnad: 170 m


StorslalåmEndra

Plass Utøvar Land Tid
  Debbie Armstrong   USA 2.20,98
  Christin Cooper   USA 2.21,38
  Perrine Pelen   Frankrike 2.21,40
4 Tamara McKinney   USA 2.21,83
5 Marina Kiehl   Vest-Tyskland 2.22,03
6 Blanca Fernández Ochoa   Spania 2.22,14

Dato: 13. februar
Start: 1665 moh, mål: 1328 moh
Høgdeskilnad: 337 m


UtforEndra

Plass Utøvar Land Tid
  Michela Figini   Sveits 1.13,36
  Maria Walliser   Sveits 1.13,41
  Olga Charvátová   Tsjekkoslovakia 1.13,53
4 Ariane Ehrat   Sveits 1.13,95
5 Jana Gantnerová   Tsjekkoslovakia 1.14,14
6 Marina Kiehl   Vest-Tyskland
Gerry Sorensen   Canada 1.14,30

Dato: 16. februar
Start: 1872 moh, mål: 1325 moh
Løypelengd: 1965 m, høgdeskilnad: 547 m


KjelderEndra