Phil Thompson

britisk fotballspelar

Philip Bernard Thompson (fødd 21. januar 1954) er ein engelsk tidlegare fotballspelar frå Kirkby. Han var midtstoppar på Liverpool FC sitt sigerrike lag i tida frå 1972 til 1983. Perioden 1976-82 spelte han 42 landskampar for England.

Phil Thompson

Phil Thompson.jpg

Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 21. januar 1954 (68 år)
Liverpool
Idrett fotball
Tok del i

VM i fotball 1982, EM i fotball 1980

KlubbspelEndra

Thompson tok plass som Liverpool-midtstoppar allereie 19 år gammal. Våren 1974 gjorde han ein god kamp då Liverpool slo Newcastle United 3 – 0 i FA-cupfinalen. To år seinare deltok han i UEFA-cuptriumfen mot Club Brugge. Delar av 1976/77-sesongen gjekk han skadd, han stod såleis over både den tapte FA-cupfinalen og sigersfinalen i europacupen. Året etter spelte han heile kampen då Liverpool på ny vann europacupfinalen. Frå 1979 til 1981 var Thompson Liverpool sin lagkaptein. I den eigenskap fekk han i 1981 lyfte pokalen etter laget hans vann europacupen i fotball for tredje gong. Utover i 1983 hamna han oftare på reservebenken og i desember 1984 gjekk turen til Sheffield United og 2. divisjon. Han la opp ved sesongslutt i 1986.

LandslagsspelEndra

Thompson var engelsk landslagsspelar frå mars 1976 til november 1982. I denne tida deltok han i 42 kampar, skåra 1 landslagsmål. Målet kom då England slo Italia 3 – 2 under ei turnering i USA i 1976. Thompson var lagkaptein i 6 kampar, mellom anna då England slo Noreg 4 – 0 i ein VM-kvalifiseringskamp på Wembley stadion i september 1980. Han spelte òg for England då returoppgjeret på Ullevål stadion 9. september 1981 enda med engelsk tap 1 – 2. Under VM i fotball 1982 hadde Thompson fast plass i den engelske fyrsteellevaren.

MerittarEndra

  • Vinnar av europacupen i fotball: 1977, 1978 og 1981 for Liverpool FC
  • Vinnar av UEFA-cupen: 1973 og 1976 for Liverpool FC
  • Ligameister: 1973, 1976, 1977, 1979, 1980, 1982 og 1982 for Liverpool FC
  • Vinnar av FA-cupen: 1974 for Liverpool FC
  • Vinnar av den engelske ligacupen: 1981, 1982, 1983 for Liverpool FC

KjelderEndra