FA-cupfinalen i fotball 1974

FA-cupturneringa i fotball 1974 vart avslutta med finale på Wembley stadion i London 4. mai 1974. Framfor 100 000 tilskodarar vann Liverpool FC FA-pokalen gjennom solide 3 – 0 over Newcastle United.

KampenEndra

Etter ein mållaus fyrste omgang, skåra Kevin Keegan for Liverpool i det 57. minutt. Steve Heighway la på til 2–0 i det 74. minutt og Keegan fastsette sluttresultatet til 3–0 eit par minuttar før full tid.

Liverpool sitt vinnarlag bestod av: Ray Clemence, Tommy Smith, Phil Thompson, Emlyn Hughes, Alec Lindsay, Peter Cormack, Brian Hall, Ian Callaghan, Kevin Keegan, John Toshack og Steve Heighway.

Newcastle stilte med: Willie McFaul, Frank Clark, Alan Kennedy, Terry McDermott, Pat Howard, Bobby Moncur (kaptein), Jimmy Smith, Tommy Cassidy, Malcolm Macdonald, John Tudor og Kenny Hibbitt.

Gordon Kew dømde kampen.

KjelderEndra