UEFA-cupfinalen i fotball 1976

UEFA-cupfinalen i fotball 1976 stod mellom engelske Liverpool FC og belgiske Club Brugge og vart avvikla med heime- og bortekamp for kvart av laga. Fyrste oppgjeret fann stad 28. april på Anfield Road i Liverpool framfor vel 50 000 tilskodarar, returkampen 19. mai på Olympiastadion i Brugge såg over 29 000 frå tribuneplass. Liverpool FC vann pokalen med sluttsiffera 4 mot 3.

KampaneEndra

På Anfield Road sjokkopna bortelaget og leia 2-0 etter 12 minuttars spel; Raoul Lambert og Julien Cools fekk begge sendt ballen over målstreken. I den andre omgangen snudde heimelaget Liverpool til leiing og siger 3-2 på vel fem minuttar frå det 15. til 20. minutt av omgangen, målskårarar var Ray Kennedy, Jimmy Case og Kevin Keegan, den siste frå straffemerket.

Tre veker seinare i Brugge sende Lambert nok ein gong laget sitt i ei tidleg leiing, då på straffespark, men allereie fire minuttar etter, i det 15. minutt av kampen, utlikna Keegan til 1-1. Resten av oppgjeret vart mållaust, dermed vart det Liverpool-kapteinen Emlyn Hughes som fekk retten til å ta mot UEFA-pokalen.

LagaEndra

Liverpool-mannskapet bestod av Ray Clemence, Phil Neal, Phil Thompson, Emlyn Hughes (kaptein), Tommy Smith, Ray Kennedy, Steve Heighway, Ian Callaghan, Kevin Keegan, John Toshack, David Fairclough og Jimmy Case.

Club Brugge stilte med Birger Jensen, Fons Bastijns (kaptein), Eddie Krieger, Georges Leekens, Jos Volders, Julien Cools, René Vandereycken, Daniël De Cubber, Roger van Gool, Raoul Lambert, Ulrik le Fevre, Dirk Hinderyckx, Dirk Sander.

DommararEndra

Ferdinand Biwersi frå Vest-Tyskland var kampleiar på Anfield Road, på Olympiastadion i Brugge bles Rudi Glöckner frå Aust-Tyskland i kampfløyta.

KjelderEndra