Opna hovudmenyen

Philip Seymour Hoffman (23. juli 19672. februar 2014) var ein amerikansk teater- og filmskodespelar og regissør.

Philip Seymour Hoffman
Philip Seymour Hoffman 2011.jpg
Fødd 23. juli 1967
Fairport
Død

2. februar 2014
Manhattan

Yrke filmregissør, filmprodusent, stemmeskodespelar, karakterskodespelar, teaterskodespelar, filmskodespelar, fjernsynsskodespelar, skodespelar, teaterregissør
Philip Seymour Hoffman på Commons

Hoffman tok ein BFA (Bachelor of Fine Arts) i drama etter å ha fullført utdanninga si ved New York-universitet Tisch School of the Arts. Han byrja den profesjonelle skodespelarkarrieren sin i fjernsynet i 1991, og året etter var han med i den fyrste filmen sin. Mangfaldet i filmrollene han spela i gjorde han anerkjend det følgjande tiåret, og han hadde også suksess som teaterskodespelar. Hoffman vart nominert til ein Tony Award for rollene i True West (2000) og Long Day’s Journey into Night (2003).

Rolla hans som Truman Capote i Capote (2005) gav han ein Oscar, ein BAFTA, ein Golden Globe og ein Screen Actors Guild Award. I seinare roller, som i The Savages (2007) og Charlie Wilson’s War (2007), vart han godt motteken, og for arbeidet med Doubt (2008) vart han nominert til fleire prisar.

Spire Denne filmartikkelen som har med USA å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.