Phippsia algida
Snøgras (Phippsia algida) eller er ein planteart i snøgrasslekta i grasfamilien.
Phippsia algida | |
Phippsia algida | |
Status | |
Status i verda: Livskraftig Status i Noreg: Sårbar[1] | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Overrekkje: | Landplantar Embryophytes |
Rekkje: | Karplantar Tracheophytes |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Grasordenen Poales |
Familie: | Grasfamilien Poaceae |
Slekt: | Phippsia |
Art: | P. algida |
Vitskapleg namn | |
Phippsia algida |
Snøgras dannar lyst gulgrøne rosettar der blad og strå ligg nedover. Blada er korte. litt folda med ein tydeleg baugforma spiss. Frukta er omvendt eggforma og er tydeleg breiare ovanfor midten. Ein skil snøgras frå sprikesnøgras ved at rosetten på den siste er meir open og den er raudbrun.
Arten er sjeldan i Noreg og er klassifisert som VU, sårbar.[1]
Planta veks på våte snøleie på baserik grunn. Den europeiske sørgrensa er i Sør-Noreg.[2]
Raudlistevurdering
endreNye klimaframskrivinger (sjå Norsk klimaservicesenter 2020) føreseier auka temperaturar, forlengte vekstperiode, auka nedbør, og meir ustabilt vêr og hyppigare ekstremvêr i store delar av landet i kommande tiår. Dette vil ha store konsekvensar for plantar, særleg i fjellet og nordpå, med heving av skoggrenser og forflytting av vegetasjonsbelte oppover og nordover. Det blir forventa sterk nedgang i mange naturtypar, kanskje særleg snøleie der Grytnes et al. (2018)[3] anslår at meir enn 80% av dagens snøleie vil påverkast negativt dei neste 50 åra, men også auka gjengroing i opne, tora naturtypar som rabbar. Det er derfor svært truleg at mange småvaksne fjellplantar, særleg dei som er knytt til open mark eller lite slutta vegetasjon, kan bli fortrengt i konkurransen med meir konkurransesterke og storvaksne artar. Særleg utsette er plantar knytt til baserik berggrunn, fordi desse har små moglegheiter for ekspansjon oppover i fjellet der berggrunnen over 1500-1600 moh i Sør-Noreg, og over 1000-1200 moh i Nord-Noreg, jamt over er basefattig.[1]
Utbreiingsområdet til snøgras blir innskrenka ved at dei meir marginale førekomstane forsvinn; arten er t.d. ikkje funnen i Agder eller Rogaland etter 1970. Snøgras er forsvunne òg frå mange austlege og sørlege fjellstrøk, men har framleis livskraftige populasjonar i særleg høge fjell. Funnfrekvensen mellom 1995 og 2015 er på 10,1% (mot normalt 18,4%), trass i målretta ettersøking av Phippsia (av Leif Galten) i denne perioden. Nye funn i Midt-Noreg og tilstand blir beskrivne av Galten (2003, 2004, 2012).
Arten er, på grunn av Galtens undersøkingar, funne på nesten tre gangar så mange lokalitetar mellom 2000 og 2011 som mellom 1990 og 1999. Vi anslår likevel ein nedgang i populasjonsstorleiken på 20-40% (berekna 34%) i kommande vurderingsperiode (2020-41).
Konklusjon: Snøgras blir vurdert som sårbar (VU) på grunn av ein forventa populasjonsnedgang på over 30% i kommande vurderingsperiode, på basis av habitatforringelse og negativ påverknad frå konkurrerande artar.[1]
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 Solstad H, Elven R, Arnesen G, Eidesen PB, Gaarder G, Hegre H, Høitomt T, Mjelde M og Pedersen O (24. november 2021). «Karplanter: Vurdering av snøgras Phippsia algida for Norge. Norsk rødliste for arter 2021.». Artsdatabanken. Henta 11. mars 2022.
- ↑ «Artsdatabankens artsopplysningar». Artsdatabanken. 11. mars 2022. Henta 11. mars 2022.
- ↑ Grytnes, J. A., Evju, M., Høitomt, T., Ihlen, P. G. & Aarrestad, P. A. (2018). Fjell og berg. Norsk rødliste for naturtyper 2018. Artsdatabanken.
- L. Galten, Snøgras-slekta Phippsia i østlige Midt-Norge - status per 2011, s. 173 - 203, Blyttia 70 (3), 2012
- The Flora of Svalbard