Phormium colensoi

Phormium colensoi (syn. Phormium cookianum) er ein fleirårig plante frå New Zealand.[1] Han er mindre utbreidd enn den andre arten i Phormium-slekta, P. tenax. Planten har grøne, gule eller oransje blomar etterfølgde av vridde frøkapslar.[1]

Phormium colensoi
Phormium colensoi
Phormium colensoi
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophytes
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Aspargesordenen Asparagales
Familie: Aloefamilien Asphodelaceae
Underfamilie: Hemerocallidoideae
Slekt: Phormium
Art: P. colensoi
Vitskapleg namn
Phormium colensoi

maori er planten kjend som wharariki. På engelsk blir han kalla mountain flax eller lesser New Zealand flax.[2] Han er tradisjonelt blitt brukt til å veva ketekorger og andre gjenstandar. Han er også utbreidd som hageplante i mange delar av verda.

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 «Harakeke/flax» (PDF). Department of Conversation. Arkivert frå originalen (PDF) 2. desember 2013. Henta 25. januar 2009. 
  2. «BSBI List 2007». Botanical Society of Britain and Ireland. Arkivert frå originalen (xls) 25. januar 2015. Henta 17. oktober 2014. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Phormium colensoi