Phormium

planteslekt
Phormium
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Aspargesordenen Asparagales
Familie: Aloefamilien Asphodelaceae
Underfamilie: Hemerocallidoideae
Slekt: Phormium
J.R.Forst. & G.Forst., 1775

Phormium er ei planteslekt frå New Zealand. Ein av artane veks berre naturleg på New Zealand og den andre veks berre på New Zealand og Norfolkøya.[1]Phormium-plantane dannar lange bladfiber som har spela ei viktig rolle i newzealandsk kultur, historie og økonomi. Phormium tenax veks naturleg på New Zealand og på Norfolk Island, medan Phormium cookianum er endemisk på New Zealand. Båe artane har vorte vidt spreidde i tempererte delar av verda, både som kommersielle fiberplantar og som prydplantar.[2]

Dei fleirårige plantane Phormium tenax og Phormium cookianum blir høvesvis kalla harakeke og whararikimaori. På engelsk er slekta kjend som New Zealand flax, 'New Zealand-lin'. Dei skil seg tydeleg ut frå linplanten frå den nordlege halvkula, men arten vart kalla 'flax' av dei engelskspråklege europearane på New Zealand fordi ein også kunne nyttiggjera seg fibrane i denne planten.

Naturvitskapsmannen Jacques Labillardière samla stadeigne Phormium-plantar då franske skip vitja dei nordlege delane av Nordøya på New Zealand i 1793. Han hadde lagt merke til dei mange måtane maoriane brukte planten på, og i 1803 gav han det vitskaplege namnet Phormium, som tyder korg eller flettekorg, og tenax, som tyder 'fastleik', eller 'å halda fast', til planten.

Phormium tenax veks for det meste i sumpar eller lågtliggjande lende, men er i stand til å veksa nær sagt over alt, og er også mykje dyrka i hagar, som ein eviggrøn dekorativ plante, både på New Zealand, og etter kvart elles i verda. Phormium tenax er ein urteaktig fleirårig einfrøblada plante. Klassifiseringa av einfrøblada plantar har gjennomgått betydeleg revisjon det seinaste tiåret, og dei siste klassifikasjonssystema (inkludert Angiosperm Phylogeny Group) har funne at Phormium tenax er nært i slekt med dagliljer (Hemerocallis). Phormium tenax høyrde tidlegare til familien Agavaceae, og fleire klassifikasjonssystem plasserer enno planten der.

Utsjånad endre

 
Blomane på Phormium tenax har same krumminga som nebbet til den nektaretande fuglen tuihonningetar på biletet.

Dei faste, sverdforma blada veks opp til tre meter i lengde og 125 mm i breidde. Blada er vanlegvis mørkt grøne, men har stundom farga kantar og sentrale ribber. Kultiverte sortar vekslar frå ljost grønt gjennom rosa til djup raudbrun bronse. Der er mange spraglute kultivarar med blad som er markerte med kontraststriper i nyansar av grønt, raudt, bronse, rosa og gult.

Dei stive blomestenglane kan verta opp til fem meter lange, og strekkjer seg høgt over bladverket. I november (på New Zealand) dannar det seg klynger av bogeforma røyrliknande blomar som vert ljost raude når dei mognast. Dei dannar uvanleg store mengder av nektar for å trekkja til seg nektaretande fuglar som til dømes tuihonningetar, og insekt. Frøkapslane som dannar seg etter pollineringa inneheld kvar hundrevis av frø som seinare vert vidt spreidde med vinden.

Bruk hjå maoriar endre

maorifolket kom til New Zealand, hadde dei med seg papirmorbærtreet (Broussonetia papyrifera), der dei brukte borken til material for klede. Dette treet treivst ikkje, og dei fann ei erstatning i dei lokale Phormium-plantane. Kaptein James Cook skreiv: «Av blada til desse plantane, og med svært lite preparering, lagar dei (maoriane) all deira vanlege klesbunad, og dei lagar også strenger, liner og tauverk…» Dei laga òg korger, matter og fiskenett av Phormium. Maoriane brukte ein avansert veveteknikk når dei laga kapper av phormiumfibrar.[3]

 
Høvdingen Hone Heke og kona hans, Hariata, er kledde i kapper laga av fibrar frå Phormium tenax. Ca. 1845.
 
Fotografi av maorikvinne med klede av Phormium.

Fletting og veving (raranga) av Phormium-fibrar til korger var berre to av talrike bruksområde maoriane hadde for desse plantane. Dei kjende nær 60 variantar, og dyrka omsorgsfullt plantane sine over heile landet.

Blada vart avskorne med eit skarpt skjel eller spesielt forma steinar, ofte grønstein (jade eller ponamu), nede ved rota til plantane. Den grøne kjøtfulle substansen i blada vart skrapa av, også dette med eit muslingskjel, og fibrane gjekk gjennom fleire prosessar med vasking, bleiking, mjukgjering, farging og turking.

Fibrane, av ulik styrke, vart brukte til å laga ålefeller (hinaki), overraskande store fiskegarn (kupenga), fuglesnarer og liner, tauverk, korger (kete), vesker, matter, klede, sandalar (paraerae), bøtter, matkorger (rourou), kokeutstyr osb.

 
Phormium cookianum og fuglen tuihonningetar.

Phormium-fiberen, som vert kalla muka, vert omstendeleg vaska, banka og handvridd for at han skal vera mjuk mot huda. Muka whenu (snorer) er grunnmaterialet for intrikate kākahu (kapper/klesplagg) som til dømes kahu huruhuru (fjørkappe), eit svært ettertrakta tradisjonelt plagg. Kapper pynta med fargerike fjører frå innfødde fuglar, til dømes huja Heteralocha acutirostris, kiviar (Apteryx), tui Prosthemadera novaeseelandiae, maoridue Hemiphaga novaeseelandiae og kākā Nestor meridionalis, har i namna sine referanse til den fuglen som er brukt, til dømes Kahu Kiwi, Kahu Kākā osb.

Dei handlaga kordellane og taua av Phormium var så sterke at dei godt kunne brukast til å binda saman delar av uthola stokkar for å laga store, havgåande kanoar (waka). Dei vart også nytta til å laga riggar, segl og lange ankertrosser, og til hustak.

Frynsete endar av Phormium-blad vart forma til faklar og ljos til bruk om natta. Dei turka blomestilkane, som er svært lette, vart bundne saman med phormiumband for å laga flåtar (mokihi) til bruk på elver.

Tradisjonell medisin endre

I hundrevis av år har maoriane brukt nektar frå blomane som søtingsmiddel. Mangfaldige medisinske bruksområde gjorde planten endå viktigare i dagleglivet til maorifolket.

Kokte og knuste harakekerøter vart lagde på utvortes som omslag for byllar, svullar og verk og for stell av åreknutesår.

Saft frå dei knuste røtene kunne brukast som desinfeksjonsmiddel, eller det vart drukke for å hjelpa mot tilstopping eller for å driva ut småmark. Det skal også ha vore brukt ved kule- eller bajonettsår.

Den kvaeliknande plantesafta frå harakeke inneheld enzym som verkar i blodlevring (koagulasjon) og har antiseptiske eigenskapar som er til hjelp i tilhelingsprosessar. Maoriane var klåre over dei lækjande eigenskapane til safta, og at ho verka mildt anestetisk, og dei brukte henne til byllar, ulike sår, verketenner, ved revmatiske og tilsvarande smerter, ved ulike hudirritasjonar, ved skålding og til brannsår.

Utstyr til spjelking kunne skaffast frå korari (blomestilkar) og blad, og fine trådar av mukafiber gjorde seg nytte av dei blodstillande eigenskapane til safta før dei vart nytta til å sy sår. Harakekeblad kunne brukast til bandasjar, og kunne støtta opp brotne bein på lag som gips vert brukt no. Knust bladmasse vart også brukt til såromslag.

Bruk som papirfiber endre

Sidan kolonitida har fibrane frå Phormium tenax vorte brukte i framstillinga av papir. Det er fleire gonger undersøkt om det kan setjast i gang kommersiell produksjon. For tida vert fibrane brukte av kunstnarar og handverkarar som framstiller handlaga papir.

Forsvarsbruk endre

Under dei tidlege muskettkrigane og seinare under New Zealand-krigane, brukte maoriane store, tjukt vovne Phormium-matter for å dekkja til inngangsportar og utkiksopningar i sine befesta pa-ar. Somme krigarar bar kapper av tungt og tett fletta Phormium tenax, som gav liknande vern som ein mellomalderrustning, og som til og med skulle kunna bremsa muskettkuler såpass at dei såra heller enn drap.

Internasjonal handel endre

Tidleg på 1800-talet var kvaliteten på tauverk laga av Phormium alt internasjonalt kjend,[4] like eins var kvaliteten til newzealandske tre som vart nytta til rundholtar og master, og den britiske marinen var ein av dei aller største kundane.

Handelen med Phormium blomstra, særleg etter at mannlege maoriar oppdaga føremonane med handelen, og vende seg til å delta i innhausting og tillaging av fiber, noko som tidlegare berre hadde vore gjort av kvinner, «heile stammar flytta stundom til sumpane der Phormium vaks i overflod, men der det utvilsamt ikkje var helsesamt å halda til. Det vart meir vanleg å ta slavar - slavar som kunne setjast i arbeid med å tilverka Phormium...»[5].

Handelen med flintlåsmuskettar førte til våpenkappløp mellom stammane, og dei påfølgjande konfliktane, kjende som muskettkrigane, øydela mange stammar.

Ved FoxtonNordøya var det ein aktiv industri som hausta og tilverka Phormium inntil etterspurnaden avtok under depresjonen i 1930-åra. Der var også eit vitskapleg program leia av John Stuart Yeates ved Massey University (dåverande Massey College) i nærleiken.

Hagebruk endre

Dei to artane hybridiserer lett med kvarandre, og særleg Phormium colensoi har stor regional variasjon.[6] På stader der begge artane veks kryssar hybridane seg gjerne tilbake med opphavsplantane og dannar blandingsplantar, såkalla introgresjon.[7]

I dei seinare åra har ei større mengd kultivarar av Phormium blitt introduserte og lagt ut for sal. 2005-2006-utgåva av Royal Horticultural Society sin Plant Finder rekna opp 75 stykke. Så tidleg som i 1920-åra var det kjent at ploiditet spelar ei rolle i somme kultivarar.[8] Fleire kultivarar er blitt gjevne RHS sin Award of Garden Merit for hagebruk i Storbritannia.[9]

Ein mykje omtykt sport, Ngaro,[10] blei isolert frå Moutoa-myra i Foxton.[11]

Nokre kultivarar

Kjelder endre

  1. Moore, L.B.; Edgar, E. (1970). Flora of New Zealand. Vol. II. Indigenous Tracheophyta: Monocotyledones except Gramineae. Wellington. 
  2. Extraction, content, strength, and extension of Phormium variety fibres prepared for traditional Maori weaving, New Zealand Journal of Botany, 2000, Vol. 38: s. 469.
  3. John Gillow and Bryan Sentance, World Textiles: A Visual Guide to Traditional Techniques, London: Thames & Hudson, 2004, p. 64, 220.
  4. «History of the Phormium Fibre Export Trade», 1966 An Encyclopaedia of New Zealand
  5. Christina A. Thompson (1997). «A dangerous people whose only occupation is war: Maori and Pakeha in 19th century New Zealand». Journal of Pacific History. s. 109–119. 
  6. «Variation inPhormium cookianum(Agavaceae)». New Zealand Journal of Botany 17: 189–196. doi:10.1080/0028825X.1979.10426888. 
  7. «Genetic and morphological evidence for localised interspecific gene flow inPhormium(Hemerocallidaceae)». New Zealand Journal of Botany 46: 287–297. doi:10.1080/00288250809509767. 
  8. «Papers Past — Evening Post — 21 December 1929 — FLAX RESEARCH». paperspast.natlib.govt.nz. 2011. Henta 19. februar 2012. 
  9. «AGM Plants - Ornamental» (PDF). Royal Horticultural Society. July 2017. s. 78. Henta 25. april 2018. 
  10. paperspast.natlib.govt.nz/cgi-bin/paperspast?a=d&cl=search&d=EP19291221.2.108
  11. «Maori dictionary - ngaro». Henta 26 May 2013. 

Bakgrunnsstoff endre