Pianokonsert nr. 23 av Mozart

Pianokonsert nr. 23 i A-dur (K. 488) er eit musikkverk for piano og orkester av Wolfgang Amadeus Mozart. Det vart i følgje Mozart sin eigen katalog ferdig den 2. mars 1786, kring same tida som operaen hans, Figaros bryllup hadde premiere. Det var ein av tre bestilte solokonsertar som vart gjeven denne våren og vart truleg framført av Moazart sjølv. Solokonserten er skriven for solo piano og eit orkester med ei fløyte, to klarinettar, to fagottar, to valthorn og strykarar.

Pianokonsert nr. 23 i A-dur
K. 488
Pianokonsert av Wolfgang Amadeus Mozart
PeriodeWienerklassisismen
Komponert2. mars 1786
UrframføringMars 1786
Typisk lengd26.08
Satsar/akter3

SatsaneEndra

Verket har tre satsar:

  1. Allegro i A-dur og vanleg takt.
  2. Adagio i Fiss-moll og 6/8-takt. Dette er den einaste satsen til Mozart i fiss-moll.[1]
  3. Allegro assai i A og alla breve
[[:Fil:|Ⅲ.Allegro Assai]]
[[Fil:|220px|noicon]]
Framført av Gulda & Harnoncourt & Wiener Philharmoniker


KjelderEndra

  1. Hopkins, Antony, Talking About Concertos, p. 30, London (1964) ISBN 978-0435814205

BakgrunnsstoffEndra