Strykeinstrument
(Omdirigert frå Strykarar)
Eit strykeinstrument er eit strengeinstrument der tonen blir danna ved at ein får strengane til å vibrera ved å stryka dei med ein boge.
Nokre viktige strykeinstrument er instrument av fiolinfamilien, først og fremst fiolin (inkludert hardingfele), bratsj, cello og kontrabass, og gambefamilien, og i tillegg mellom anna viola d’amore, kinesisk erhu, japansk kokyu, walisisk crwth, svensk nyckelharpa, og det nordindiske instrumentet sarangi.