Pick Withers

britisk trommeslagar

David «Pick» Withers (fødd 4. april 1948) er ein engelsk trommeslagar. Han var den første trommeslagaren i rockebandet Dire Straits og spelte på dei fire første albuma deira, inkludert hittar som «Sultans of Swing,» «Romeo and Juliet» og «Private Investigations».[1]

Pick Withers

Withers med Dire Straits i 1978
Fødd4. april 1948 (75 år)
FødestadLeicester
FødenamnDavid Withers
AliasPick Withers
OpphavStorbritannia
Aktiv1964 til i dag
SjangerRock, jazz
Instrumenttrommer
Tilknytte artistarDave Edmunds, Magna Carta, Dire Straits
Verka somMusikar, produsent

Withers spelte først trommer i Boys Brigade. Han vart profesjonell musikarar 17 år gammal i eit band kalla the Primitives, etterfølgd av bandet Spring, som fekk platekontrakt med hadde lite suksess. Dei spelte inn eitt album for RCA. I midten av 1970-åra var han fast trommeslagar ved Rockfield Studios i South Wales. Han spelte på plater av mellom andre Dave Edmunds og Hobo, inkludert John Dummer Band, Magna Carta og Gary Fletcher Band.[2]

Utstyr og teknikk endre

Withers sin stil med Dire Straits skil seg ut med ein tilbakehalden, enkel skarptromme og hi-hat i staden for tunge rytmar og fart. Som gitarspelinga til frontmannen Mark Knopfler, var stilen til Withers blues-basert. Pick Withers spelte òg på Prelude-albumet How Long Is Forever i 1972. Knopfler møtte Withers i 1973 i London då han spelte i bluesbandet Brewers Droop, der Withers alt spelte. Withers arbeidde fast med Knopfler gjennom midten av 1970-åra, samstundes som han arbeidde for Rockfield.

Withers spelte på Dire Straits-albuma Dire Straits (1978), Communiqué (1979), Making Movies (1980) og Love Over Gold (1982).

Withers slutta i bandet sommaren 1982, kort tid etter Love Over Gold var ferdig innspelt, for å vere meir med familien og spele jazz. Han fortalte i eit intervju at han hadde bukka under for kjensla om at det ikkje var noko att i musikken for han og at han var i fare for å verte «ein rocketrommeslagar».[treng kjelde] Erstattaren hans i Dire Straits var Terry Williams, som òg hadde spelt for Dave Edmunds.

Diskografi endre

Med Dire Straits endre

For meir om dette emnet, sjå diskografien til Dire Straits.

Med andre endre

Kjelder endre

  1. Wright, Jade (7. januar 2011). «Pick Withers: From Dire Straits and Bob Dylan’s trommeslagar to putting on his own gigs in Liverpool - Liverpool Arts - Entertainment». Liverpool Daily Post. Henta 15. september 2014. 
  2. «garyfletchermusic.co.uk». garyfletchermusic.co.uk. Henta 15. september 2014.