HMS Donovan
HMS Donovan Studioalbum av Donovan | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1971 | |
Innspelt | Juni 1968–1971 | |
Sjanger | Folk | |
Lengd | 74:10 | |
Selskap | Dawn Records | |
Produsent | Donovan Leitch, Mickie Most | |
Donovan-kronologi | ||
---|---|---|
Open Road (1970) |
HMS Donovan | Cosmic Wheels (1973)
|
HMS Donovan er det niande studioalbumet til den skotske visesongaren Donovan. Det er et andre albumet til Donovan med barnemusikk, etter For Little Ones som var ein del av A Gift from a Flower to a Garden. HMS Donovan er det andre dobbeltalbumet hans og vart berre gjeven ut i Storbritannia, i juli 1971.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
Allmusic | [1] |
Historie
endreDonovan gifta seg med Linda Lawrence (ein gong kjærasten til Brian Jones) i oktober 1970. Då Linda vart gravid med det første barnet deira, starta han å arbeide med ei barneplate som inneheld innspelingar frå juli 1968 til 1971. Paul McCartney var med på nokre av innspelingane frå 1968 («Mr. Wind», «The Walrus and the Carpenter», «The Unicorn»), og det er piratkopiar der Donovan spelar desse songane med McCartney til stades. Ein demo av «Mr. Wind» vart spelt inn etter Barabajagal-innspelinga i eit lågare register og med andre stemmeeffektar. Den originale teksten til songen vart trykt på den britiske versjonen av Sunshine Superman, fire år før HMS Donovan kom ut.
HMS Donovan var hovudsakleg produsert av Donovan, men «Homesickness» var produsert av Mickie Most. «Homesickness» er den einaste elektriske rockesongane på albumet, som elles består av akustiske songar. Dei fleste av songane er klassiske dikt sett til melodi av Donovan. Mange av dikta var frå One Hundred Poems for Children samla av Herbert Strang (Clarendon Press, Oxford – 1925). Andre dikt kom frå Lewis Carroll sine Alice's Adventures in Wonderland og Through the Looking-Glass.
Trass i at albumet inneheldt den mindre hitten «Celia of the Seals», selde HMS Donovan dårleg og nådde ikkje lista i Storbritannia. Epic Records nekta å gje ut albumet i USA. Dette fekk Donovan til å slå seg saman med den gamle produsenten Mickie Most for å prøve å finne attende til hit-formelen på det neste albumet.
Etter albumet kom ut var Donovan involvert i to filmar. Først spelte han hovudrolla i Jacques Demy sin The Pied Piper i 1972. Han spelte òg inn musikk for Franco Zeffirelli-filmen Brother Sun, Sister Moon i 1972
Innhald
endreAll musikk er komponert av Donovan Leitch, bortsett frå der andre er nemnde.
Nr. | Tittel | Tekst | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «The Walrus and the Carpenter» | Lewis Carroll | 8:36 |
2. | «Jabberwocky» | Lewis Carroll | 2:37 |
3. | «The Seller of Stars» | Thora Stowell | 2:52 |
4. | «Lost Time» | Frida Wolfe | 2:29 |
5. | «The Little White Road» | Thora Stowell | 2:05 |
6. | «The Star» (trad. arr. Donovan) | 1:45 | |
7. | «Coulter's Candy» (trad. arr. Donovan) | 1:44 |
Nr. | Tittel | Tekst | Lengd |
---|---|---|---|
8. | «The Road» | Lucy Diamond | 1:08 |
9. | «Things to Wear» | Agnes Grozier Herbertson | 1:06 |
10. | «The Owl and the Pussycat» | Edward Lear | 2:24 |
11. | «Homesickness» | 2:31 | |
12. | «Fishes in Love» | 1:04 | |
13. | «Mr. Wind» | 2:38 | |
14. | «Wynken, Blynken, and Nod» | Eugene Field | 2:38 |
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
15. | «Celia of the Seals» | 3:02 |
16. | «The Pee Song» | 2:06 |
17. | «The Voyage of the Moon» | 5:18 |
18. | «The Unicorn» | 0:55 |
19. | «Lord of the Dance» (Sydney Carter) | 2:31 |
20. | «Little Ben» | 1:44 |
21. | «Can Ye Dance» | 1:32 |
Nr. | Tittel | Tekst | Lengd |
---|---|---|---|
22. | «In an Old Fashioned Picture Book» | 3:11 | |
23. | «The Song of the Wandering Aengus» | William Butler Yeats | 3:56 |
24. | «A Funny Man» | Natalie Joan | 1:51 |
25. | «Lord of the Reedy River» | 2:38 | |
26. | «Henry Martin» (trad. arr. Donovan) | 5:08 | |
27. | «Queen Mab» | Thomas Hood | 2:18 |
28. | «La Moora» | 2:21 |
Medverkande
endre- Donovan – forteljarstemme, vokal, gitar, munnspel, produsent
- Mary – fele
- Mike Thomson – bass, orgel
- John Carr – trommer
- Danny Thompson – kontrabass på «Celia of the Seals»
- Cynthia – vokal på «Star», «Wynken Blynken and Nod» og «Pee Song»
- Mike Bobak – lydteknikar
- Mickie Most – medprodusent på «Homesickness»
- John Patrick Byrne – måleri
- Sid Maurer – kunstnarisk leiar
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «HMS Donovan» frå Wikipedia på engelsk, den 11. mars 2011.