Pieralberto Carrara

Pieralberto Carrara (fødd 14. februar 1966) er ein italiensk tidlegare skiskyttar frå Bergamo. I VM i skiskyting 1993 i Borovets vart han verdsmeister i 4 x 7,5 km stafett saman med Wilfried Pallhuber, Johann Passler og Andreas Zingerle.

Pieralberto Carrara
Statsborgarskap Italia
Fødd 14. februar 1966 (58 år)
Bergamo
Idrett skiskyting
Tok del i

Vinter-OL 1992, Vinter-OL 1994, Vinter-OL 1988, biathlon at the 1998 Winter Olympics – men's individual

Utmerkingar

Gullkraven for sportslig fortjenste

Carrara vann to renn i verdscupen i skiskyting, fyrst ein 20 km i Ruhpolding i 1991 og så 7,5 km sprint i Antholz i 1993. Gjennom 1993-sesongen hevda han seg heilt i toppen i verdscupen og enda på tredjeplassen, bakom svenske Mikael Löfgren og tyske Mark Kirchner. I alt kom han ni (2-5-2) gongar på sigerspallen etter renn i verdscupen.

Under dei olympiske leikane 1998 i Nagano tok han sølvmedaljen på 20 km. Med prikkfri skyting mangla han 7,5 sekundar på å få same tid som vinnaren, norske Halvard Hanevold.

Carrara la opp etter 1999-sesongen.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre