Wilfried Pallhuber (fødd 4. august 1967) er ein italiensk tidlegare skiskyttar frå Rasen ved Antholz i provinsen Bolzano som vann fire VM-gull i tida 1991-97.

Wilfried Pallhuber
Fødd 4. august 1967 (53 år)
Rasen-Antholz
Yrke skiskyttar

AktivEndra

Den 18. mars 1990 overraska det italienske laget i 4 x 7,5 km stafett stort då VM-stafettten vart arrangert i finske Kontiolahti. Stafettevlinga var ei av øvingane som vart utsett då VM i skiskyting 1990 fann stad i Minsk i februar månad, og i staden sett på programmet under verdscuprenna i Kontiolahti i midten av mars. Etter at Pieralberto Carrara hadde opna for Italia, la Pallhuber og Johann Passler grunnlaget for at Andreas Zingerle kunne føre Italia til sin fyrste VM-triumf i skiskyting, med over to minuttars margin til sølvvinnarane frå Frankrike.

Året etter, under VM i skiskyting 1991 i Lahti, var Pallhuber med i det italienske mannskapet som vart verdsmeistrar i lagtevlinga på 20 km, dei andre på laget var Hubert Leitgeb, Gottlieb Taschler og Simon Demetz. Men sidan fleire land satsa lite på lagtevlinga, var det ein større prestasjon når staettheltane frå 1990; Pallhuber, Passler, Carrara og Zingerle vann ein ny gullmedalje i 4 x 7,5 kilometer stafett då VM i skiskyting 1993 fann stad i Borovets i Bulgaria.

Pallhubers største stund i skiskyting kom då han lukkast vinne 7,5 km sprint i VM i skiskyting 1997 i Osrblie i Slovakia, knapt 17 sekundar føre landsmannen René Cattarinussi.

Pallhuber deltok i verdscupen i skiskyting frå 1988 til 2007. Han vann sin fyrste av seks verdscupsigrar då han på tampen av 1992-sesongen gjekk til topps på 7,5 km sprint i Novosibirsk. Sidan vann han eitt verdscuprenn i kvar av sesongane 1993, 1944 og 1995, samt to i 1997. I sin poengmessig beste sesong, 1993-sesongen, enda han på tredjplass i verdscupen.

KjelderEndra