Opna hovudmenyen

Pierre-Simon Laplace

fransk matematikar, astronom og fysikar

KarriereEndra

Laplace byrja tidleg å vise interesse for vitskapen, særleg matematikk, og i sine unge år publiserte han ein matematisk avhandling i Lagrange sin Miscellanea taurinensia (1766-69). Denne og nokre seinare avhandlingar gav Laplace merksemd og gav han ein studieplass i matematikk ved militærskulen i Beaumont. I 1773 vart han medlem av det franske vitskapsakademiet, og seinare ein av dei første medlemmene av Det franske instituttet i 1795. Under den første tida av Den franske revolusjonen vart han utnemnd til professor ved École normale. Under det første konsultatet vart han i 1799 innanriksminster (i seks veker) og vart same året medlem av, i 1803 kansler, i senatet. Han vart i 1804 utnemnd til greve av Napoleon. Seinare vart han utnemnd til marki av Ludvig XVIII.

Mécanique célesteEndra

Gjennom arbeidet sitt, Mécanique céleste (1799), vart Laplace kalla den største astronomen etter Newton. Han gav i dette arbeidet ein fullstendig teori for planetsystemt, bygd på Newton sin hypotese om gravitasjon. Ved å bruke d'Alembert, Euler, Lagrange sine matematiske metodar innan mekanikk, i tillegg til sine eigne, laga han elegante framstillingar av problemstillingar, som til og med Newton sjølv arbeida med. Døme på desse er tolekamproblemet, presesjons- og nutasjonsfenomenet og tidvatn. Dette var problemstillingar som Newton ikkje kunne løyse på si tid med dei matematiske hjelpemidla han hadde tilgjengeleg. Laplace sine undersøkingar viste at planetane sin middelavstand frå Sola berre har små periodiske endringar. Den analytiske diskusjonen i dette verket vart delt inn i fem volum. Dei første to voluma kom i 1799, og innehaldt metodar for å rekne ut rørsla til planetane og løyse tidvassproblem. Det tredje og fjerde vart gjeve ut i 1802 og 1805 inneheld bruk av desse metodane og fleire astronomiske tabellar. Det femte kom i 1826 og er hovudsakleg historisk.

IntegralEndra

Nokre av dei første artiklane Laplace publiserte omhandla reine matematiske problem som differnsiallikningar og integralrekning. Han gav til dømes ein metode for korleis ein kan integrere partielle differnsiallikningar av andre orden.

SannsynsrekningEndra

Litt seinare utvikla Laplace teorien om såkalla Laplacekoeffisientar (som teorien om dei sfæriske funksjonane seinare bygde på) og potensialfunksjonen, to typar funksjonar som spelar ei svært viktig rolle i den anvendte matematikken. Laplace sitt viktigaste arbeid innanfor matematikken er derimot Théorie analytique des probabilités (1812). Første delen av dette arbeidet omhandlar generelle funksjonar. Den andre delen inneheld den eigentlege sannsynsrekninga og korleis denne virkar inn på mange vitskaplege, sosiale og praktiske problemstillingar. Her omhandlar han og den viktige minste kvadratmetoden.