Pietro Antonio Stefano Mascagni (7. desember 18632. august 1945) var ein italiensk komponist og dirigent som ved sida av Ruggero Leoncavallo og Giacomo Puccini er ein av dei viktigaste representantane for verismo-operaen.

Pietro Mascagni

Fødd7. desember 1863
FødestadLivorno
Død2. august 1945 (81 år)
DødsstadRoma
FødenamnPietro Antonio Stefano Mascagni
OpphavKongedømet Italia
Sjangeropera
Verka somdirigent, komponist
Prisarstoroffiser av Sankt Mauritius' og Sankt Lasarus' orden, storkorsridder av Italias kroneorden

Liv og virke

endre

Bakgrunn

endre

Pietro Mascagni var fødd i Livorno i Toscana. Far hans var bakar. Pietro skulle mot eigen vilje, men etter ønsket til faren, studert til å bli jurist. Men onkelen hans adopterte han, og lét han byrja å studera musikk. Faren forsona seg med dette valet ettersom sonen nokså snart hadde stor framgang med verka sine.

Han var elev av Amilcare Ponchielli og Michele Saladino ved musikkonservatoriet i Milano. Frå 1895 til 1902 var han leiar for konservatoriet i Pesaro.[1]

Komponist

endre

Det best kjende verket til Mascagni, operaen Cavalleria rusticana, vann den milanesiske musikkforleggjaren Edoardo Sonzogno sin konkurranse for unge italienske komponistar som ikkje hadde hatt nokre operaoppføringar. Verket blei ein av dei største suksessane i operahistoria etter uroppføringa på Teatro Costanzi i Roma i 1890. Librettoen er basert på Giovanni Vergas si veristiske novelle/skodespel med same namn, og operaen til Mascani blir rekna som den første innan verismosjangeren i opera.

Også operaene L'Amico Fritz og Iris hadde stor popularitet i Europa.

Til saman skreiv Mascagni femten operaer, ei operette og fleire orkester- og korverk, i tillegg til songar og klavermusikk. Han hadde stor suksess i samtida si, både som komponist og dirigent.

Mascagni gjentok aldri seg sjølv i verka sine. Ein kan finna mange ulike stilartar i operaene hans: den sterke sicilianske kjensla i Cavalleria rusticana, den asiatiske stemninga i Iris, idyllen i L'Amico Fritz, det franske lydbiletet i Isabeau og den krasse verismen i Il Piccolo Marat. Mascagni kunne tilpassa det veristiske uttrykket sitt etter det dramatiske behovet.

Operaer av Mascagni

endre
 
Tittelbladet til L'amico Fritz
  • Cavalleria rusticana (17. mai 1890 Teatro Costanzi, Roma) – libretto, libretto
  • L'amico Fritz (31. oktober 1891 Teatro Costanzi, Roma) – libretto
  • I Rantzau (10. november 1892 Teatro La Pergola, Firenze)
  • Guglielmo Ratcliff (16. februar 1895 Teatro alla Scala, Milano), komponert mellom 1885 og dei tidlege 1890-åra – libretto
  • Silvano (25. mars 1895 Teatro alla Scala, Milano)
  • Zanetto (2. mars 1896 Liceo Musicale, Pesaro) – libretto
  • Iris (22. november 1898 Teatro Costanzi, Roma) – libretto
  • Le maschere (17. januar 1901 Teatro Carlo Felice, Genova – Teatro Regio, Torino – Teatro alla Scala, Milano – Teatro La Fenice, Venezia – Teatro Filarmonico, Verona – Teatro Costanzi, Roma)
  • Amica (16. mars 1905, Monte Carlo) – libretto
  • Isabeau (2. juni 1911 Teatro Coliseo, Buenos Aires)
  • Parisina (15. desember 1913 Teatro alla Scala, Milano) – libretto
  • Lodoletta (30. april 1917 Teatro Costanzi, Roma) – libretto
  • Sì (13. desember 1919 Teatro Quirino, Roma), operette
  • Il piccolo Marat (2. mai 1921 Teatro Costanzi, Roma)
  • Pinotta (23. mars 1932 Casinò, San Remo), etter kantaten In filanda (1881)
  • Nerone (16. januar 1935 Teatro alla Scala, Milano), musikken skriven mellom 1890-åra og 1930-åra

Kjelder

endre
  1. «Pietro Mascagni». Store norske leksikon (på norsk). 23. august 2023. 

Litteratur

endre
  • Virgilio Bernardoni: MASCAGNI, Pietro, Dizionario Biografico degli Italiani - bind 71 (2008)
  • Alan Mallach: Pietro Mascagni and his Operas, Boston 2002
  • Alan Mallach: The Autumn of Italian Opera. From Verismo to Modernism 1890–1915, Boston 2007

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Pietro Mascagni