Pikmin 3 er eit strategispel utvikla og utgjeve av Nintendo. Spelet er etterfølgjaren til Pikmin 2 frå 2004 og det tredje spelet i Pikmin-serien. Det vart opphavleg utgjeve i 2013 til Wii U, byggjer vidare på spelemekanikkane som vart introduserte i tidlegare Pikmin-spel og legg til nye funksjonar, mellom anna nye spelefigurar, nye typar pikmin og nedlastbart innhald. Ei utvida utgåve av spelet, Pikmin 3 Deluxe, kjem ut til Nintendo Switch den 30. oktober 2020.[1]

Pikmin 3
Utviklar(ar)Nintendo EAD
Utgjevar(ar)Nintendo
DistributørNintendo eShop
Kreativt ansvarleg(e)Shigefumi Hino
Yuji Kando
Produsent(ar)Hiroyuki Kimura
SeriePikmin
Plattform(er)Wii U, Nintendo Switch
UtgjevingWii U
JP: 13. juli 2013
EU: 26. juli 2013
NA: 4. august 2013
Nintendo Switch
30. oktober 2020
SjangerStrategi
SpelemodusEinspelar, fleirspelar
AldersgrensePEGI 7
Nettstadhttp://pikmin3.nintendo.com/
Del av serien Pikmin⠀
←Pikmin 2⠀ · Pikmin 3 Deluxe→

I kampanjemodusen i Pikmin 3 styrer spelaren dei tre romvesena Alph, Brittany og Charlie, som skal utforske planeten «PNF-404» for å finne frø som kan kultiverast for å redde folket på heimplaneten deira, Koppai, frå ein hungersnaud. Dei treffer på og allierer seg med pikmin, som hjelper dei i utforskinga av planeten.[2]

Kjelder endre

  1. «Pikmin 3 Deluxe er annonsert». Gamer.no. Henta 17. oktober 2020. 
  2. «Wii U: Pikmin 3». Nintendo. Henta 16. juli 2019. 
  Denne dataspelartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.